Posavje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Posavje er ein region søraust i Slovenia på grensa til Kroatia. Det ligg tre store byar i regionen, Brežice, Krško og Sevnica.

Området strekkjer seg langs den nedre delen av elva Sava. Området er ein av dei minste regionane i Slovenia og dekkjer berre 885 km² eller 4,4 % av landet. Dei omliggande regionane er Savinja i nord, Den sentrale Savadalen i vest og Dolenjska i sør.

I 2003 budde det om lag 70 000 innbyggjarar i regionen, eller 3,5 % av folketalet i Slovenia.

Posavje er ein populær turistdestinasjon med kulturelle, naturlege og historiske rikdomar. Mellom anna er mat- og vinkulturen godt kjend.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]