Post-it

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Post-it-lappar på ei tavle

Post-it er ei notisblokk der kvart blad har ei stripe med svakt lim på baksida, slik at lappen kan festast på til dømes eit anna papir utan at dette blir skada av limet. Ein lapp frå ei slik blokk blir kalla ein post-it-lapp eller berre ein post-it.[1]

I den opphavlege versjonen var kvar lapp eit kanarigult kvadrat med 7,5 cm sidelengde. Post-it-lappen vart oppfunnen i 1968 av forskaren Spencer Silver ved 3M Company.[2][3][4] Post-it vert produsert av 3M, namnet Post-it og den kanarigule fargen er registrerte varemerke for 3M.[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «post-it» i Det Norske Akademis ordbok, «post-it-lapp» i Det Norske Akademis ordbok
  2. «Post-It® Brand». 3m.com. Arkivert frå originalen 2. februar 2017. 
  3. Donnelly, Tim (23. august 2012). «9 Brilliant Inventions Made by Mistake». Inc. Henta 24. august 2012. 
  4. «About Post-It® Brand». Arkivert frå originalen 11. april 2013. Henta 12. februar 2013. «The Post-It® Note was invented as a solution without a problem: Dr. Spencer Silver developed a special, repositionable adhesive, but the 3M scientist didn't know what to do with his discovery.» 
  5. «3M sues Microsoft over sticky issue». The New York Post. 9. januar 1997. s. 32. 
Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.