Postcrossing

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Postcrossing er eit nettsamfunn som blei oppretta 14. juli [2005, og er laga slik at folk kan sende og motta postkort frå heile verda. Eit medlem mottar like mange postkort som dei sender ut, frå andre «postcrosserar» som finst over heile verda. Alle slike postkort som medlemmene sender og mottek blir registrert på nettstaden PostCrossing.com, slik at medlemmene heile tida har oversikt over dei landa som dei har sendt postkort til, og kva land dei har mottatt postkort frå.

Den 1. september 2010 hadde nettsamfunnet Postcrossing.com 208 440 medlemmer registrert over heile verda, og totalt 5 064 901 postkort hadde blitt sendt mellom desse medlemmene. Heile tida er det omkring 180 770 postkort som er i sirkulasjon mellom medlemmene av Postcrossing. Medlemmene kjem frå 208 forskjellige nasjonar. Dei største medlemslanda er USA (34 773 medlemmer ), Kina (20 787 medlemmer), Tyskland (14 912 medlemmer), Finland (12 627 medlemmer) og Taiwan med 11 880 medlemmer. I Sverige er det 695 registrerte medlemmer, Danmark har 244 medlemmer. I Noreg finst det 790 medlemmer som til saman har sendt 33 275 postkort over heile verda.

I juli 2012 fanst det over 335 000 medlemmer fordelt på 208 land over heile verda. PostCrossing nådde to millionar registrerte postkort i februar 2009, med eit kort sendt frå Tyskland til Noreg, og nettstaden nådde fem millionar sendte postkort den 24. august 2010 med eit postkort som blei send frå Isle of Man til Thailand. Nettstaden nådde 10 millionar registrerte postkort den 27. januar 2011 med eit postkort send mellom Japan og Tyskland. PostCrossing.com er laust basert på bokbyttestaden BookCrossing.com.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]