Posten Norge

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Broom icon.png Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask, som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt.
Logoen til Posten sidan 5. september 2008.

Posten Norge AS er eit norsk statseigd konsern med ansvar for postgongen i Noreg. Konsernet driv også godsfrakt og anna. Posten er ein av dei største bedriftane i Noreg med verksamd over heile landet. Posten Norge er eit av dei eldste og største statlege bedriftane i Noreg, skipa av Kristian IV av Danmark-Noreg i 1647.

Konsernet omsette i 2006 for 23,7 milliardar kroner. Verksamda utførar vel 23 000 årsverk, har 10.000 postbod og sjåførar, der 2.000 er landpostbod.

Posten driv både med levering av fysiske sendingar og tilbyr elektroniske tenester. Leveransane kan skje både ved eigne bod og gjennom alliansepartnarar. Posten utførar tenester både for privatpersonar og føretak. Dei fleste kundane held til i Norden, men gjennom samarbeidspartnarar kan Posten tilby tenester over heile verda.

Dag Mejdell har vore konsernsjef i Posten sidan 16. januar 2006, medan Arvid Moss har vore styreleiar sidan 17. juni 2002.

Saman med dotterselskapa CityMail og CityMail Danmark deler Posten Norge ut post til 5,2 millionar husstandar i Skandinavia, og er det nordiske postselskapet som når ut til flest medlemmar. Posten har også kjøpt opp ein god del mindre transportselskap, mellom anna NorCargo og Box, som i likskap med CityMail no opererer under namnet Bring.

Kjelde [endre]