Postordresal
Postordresal er fjernsal der varene blir levert via postvesenet.
Kundane bestiller varene via postordrekatalogar, annonser, eller anna marknadsføring, og får varene sende heim til seg via posten.
Angrerettlova [endre]
Angrerettlova gjeld ved postordresal:
- Angrerett på varer.
- LOV 2000-12-21 nr 105: Lov om opplysningsplikt og angrerett m.v. ved fjernsalg og salg utenfor fast utsalgssted (angrerettloven).
Postordresal i Noreg [endre]
Store aktørara innan postordresal har vore firma som Ellos, Hennes & Mauritz, Spar Kjøp, Biltema, Clas Ohlson, Haugen Bok og Ikea. Somme av desse har etter kvart også auka talet på butikkutsal, til konkurranse med eige postordresal.
Mykje av salet har no gått over til sal over Internett, elektronisk handel, til erstatning for det gamle katalogsalet.
Postordre har til dels også hatt eit frynsete rykte, då her har vore ein del useriøse selskap som har nytta seg av denne salsmetoden. Kundane har opplevd problem med varer som ikkje har vore som omtalt i katalogen, med manglar, reklamasjonar og tilbakelevering, og selskap som forsvinn og dukkar opp igjen med nye namn.
Bakgrunnsstoff [endre]
- Forbrukarrådet sine retningsliner for postordresal