Poststad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Poststad er eit område med ei eiga postadresse. Det er eit stadnamn som blir brukt saman med eit postnummer for å adressere post.

I Sverige finst det om lag 1500 poststader. Poststaden i Sverige - postort på svensk - fell ikkje alltid saman heilt med andre administrative eller statistiske inndelingar, som kommune, församling, småort eller tätort. For å unngå forvekslingar har Posten i Sverige ofte måtta lage eigne namn på postorter. Desse har ofte fått ei så stor gjennomslagskraft at dei heilt har erstatta det tidlegare namnet.

Til dømes heitte Höör i Skåne opphavleg Hör. På 1800-talet skreiv ein ofte «Här» i staden for stadnamet på lokale sendingar. Derfor hamna mange brev meint for lokal distribusjon i til dømes Stockholm akkurat i Hör. På grunn av det fekk postorten stavinga Höör. Denne stavinga blir no nytta òg for tätorten, församlingen og kommunen.

Namnet «Upplands Väsby», skapt av Posten i 1919, vart frå 1952 namnet på ein kommune.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!