Potetmjøl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Potet og potetmjøl.

Potetmjøl er ein type stive som er framstild av poteter. Potetmjøl vert framstild ved at poteter vert rivne før raspet vert bløytt ut i vatn. Stiven vil då vaskast ut i vatnet og samle seg på botnen av vaskekaret. Potetmjøl vert framstilt av næringsmiddelindustrien og seld til privathushaldningar og verksemder som framstiller heil- og halvfabrikatmat. I dag vert potetmjøl også brukt til å framstille kunstige sagogryn.

Potetmjøl i matlaginga[endre | endre wikiteksten]

Potetmjøl vert til dømes brukt til å tjukne fruktgrautar, -kompottar og -sausar, og som bindemiddel i rettar som kjøttkaker, kjøttpudding, fiskekaker, fiskebollar og fiskepudding. Når ein brukar potetmjøl til å tjukne fruktgrautar og anne er det viktig å ikkje koke retten etter at ein har hatt i potetmjølet sidan for hard varmehandsaming vil gjere grauten seig. Potetmjøl vert også brukt ein del i baking, ein kan til dømes bruke det i sukkerbrød.