Potharadju

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Potharadju (også stava potharaju og potaraju) er namnet på ein type gudar og ei prestekaste på landsbygda i Andhra Pradesh. Dei har begge ein vernande funksjon i høve til jorda, grøda og landsbyane sine, og høyrer til eldgamle dravidiske tradisjonar.

Guden[endre | endre wikiteksten]

Guden Potharadju er symbolisert med ein enkel, kvitmåla stein kvar bondefamilie har på jorda si. Ein pyntar steinen med gurkemeie og ofrar ved kvar innhausting eit lite dyr, til dømes ein kylling, til guden. Til gjengjeld vaktar han åkeren mot tjuvar og ville dyr. Potharadju-steinane nyttar verkeleg, ettersom få våger å stela frå ein åker der dei ser ein slik stein.

Presten[endre | endre wikiteksten]

Potharadju er òg ein type landsbyprest som speler ein viktig rolle i ulike tradisjonelle seremoniar. Dei er kjenneteikna ved langt, uklipt hår som ein meiner gjev dei magiske krefter. Prestane kan gje vernande amulettar og har i oppgåve å dansa rundt lik ved dødsfall.

Landsbyfesten[endre | endre wikiteksten]

Under grødehøgtida ora panduga ('landsbyfesten') vil presten til dømes først ofra ein vassbøffel. Med innvollane til dyret rundt halsen og ei korg med korn på hovudet signer han så markene. Seinare under høgtida drep potharadjuen eit offerdyr, typisk eit lam eller eit kje, ved å slita over halsen på det med tennene.

Djogini[endre | endre wikiteksten]

Potharadjuen er òg den som gjer unge jenter om til djogini, ei form for prestinner som òg fungerer som rituelt prostituerte for heile landsbyen. Det er ofte presten som ber familien til ei jente om å gje henne opp som djogini, vier henne til gudinna som barn, og fullfører seremonien når ho kjem i puberteten — av og til òg ved å liggja med henne.

Haldningar[endre | endre wikiteksten]

Prestekasta skil seg ut ved at dei blir rekna som urørbare — til forskjell frå andre hinduiske prestekaster, som rituelt sett blir rekna som dei reinaste. Dette har truleg samanheng med at potharadjuane har så mykje med død og drap å gjera.

Nokre stader kan dei oppleva å bli utstøytte frå samfunnet ved at ungar blir nekta skulegang og at foreldra ikkje bli tillatne å arbeida på markene, ettersom dei kan bringa ulukke. Prestane kan òg få skulda for uår, ettersom handlingane deira ved grødefesten tydelegvis ikkje verka.

Ettersom ein prøver å avskaffa kastesystemet i India, gjer både frivillige organisasjonar og dei indiske styresmaktene forsøk på å avslutta prestetradisjonen. Folk frå potharadjufamiliar finn det likevel vanskeleg å forlata yrket, ettersom dei er fattige, og det blir venta av dei at dei skal oppretthalda tradisjonane.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]