Poti
| ფოთი | |
|---|---|
| Styresmakter | |
| Land | Georgia |
| Geografi | |
| Innbyggjarar - By (2002) |
47 149 |
| Koordinatar | Koordinatar: |
| Tidssone | MSD (UTC+4) |
| Diverse anna | |
| Nettstad: www.poti.ge | |
Poti (georgisk ფოთი, Poti) er ein by vest i Georgia i provinsen Samegrelo. Han ligg ved austkysten av Svartehavet og er ein av tre hamnebyar i Georgia. I nærleiken av byen munnar elva Rioni ut i Svartehavet. Byen har om lag 50 000 innbyggjarar.
Poti vart grunnlagd som ein gresk koloni på 600-talet fvt. og kalla opp etter Phasis. Den første jernbanen som vart konstruert i Georgia vart lagd mellom Poti og Sjorapani i 1871. Segna om Det gyldne skinnet (argonautne, Jason og Medea) fann stad ved Poti og elva Rioni.
Poti har eit subtropisk klima. Vinteren er mild og varm, og normaltemperaturen i januar er 5,2 °C. I juli er normalen 22,9 °C. Byen får ein god del nedbør og årsnormalen er på 1 960 mm.
Hovudnæringane i byen er service- og næringsmiddelindustri.
Marinebasen til Den georgiske marinen ligg i Poti.