Potisje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bru over Tisa i Senta

Potisje (Потисје) er namnet på tilsigsområdet til elva Tisa i Serbia og provinsen Vojvodina. Tisa renn mellom regionane Banat og Bačka.

Kommunar i Potisje[endre | endre wikiteksten]

Bačka:

Banat:

Historie[endre | endre wikiteksten]

Militærgrensa i Potisje i 1745
Distriktet Potisje (1751-1848)

I det første hundreåret nytta forfattaren Plinius namnet Pathissus for å skildre området rundt Tisa. Sidan dette namnet liknar mykje på det moderne slaviske namnet Potisje (som tyder landområdet rundt elva Tisa på slavisk), som er eit typisk slavisk namn for område rundt elvar (som Podunavlje, Pomoravlje, osv) kan namnet Plinius nemner indikere at det alt var slavarar i området på denne tida.[1]

Mellom 1702 og 1751, høyrte vestlege delar av Potisje (i regionen Bačka) til den habsburgske Militærgrensa langs Tisa-Mureş. Av byar i dette grenseområdet fann ein Bečej, Ada, Senta og Kanjiža (i dagens Serbia), Szeged (i dagens Ungarn), samt andre stader i Bačka, som Subotica, Sombor og Sentomaš (Srbobran). Etter at grenseområdet vart avskaffa i 1751, emigrerte mange serbarar til Russland. For å hindre dette oppretta styresmaktene i Habsburgmonarkiet det autonome Distriktet Potisje med sete i Bečej. District Potisje eksisterte frå 1751 til 1848.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Potisje» frå Wikipedia på engelsk, den 20. mars 2009.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
    • Potiska i Pomoriška vojna granica (1702-1751), Muzej Vojvodine, Novi Sad, 2003.
    • Dr. Dušan J. Popović, Srbi u Vojvodini, knjige 1-3, Novi Sad, 1990.
  1. Oleg Trubačov, Etnogeneza i kultura drevnih Slovena, Beograd, 2005. (s. 50)

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]