Pottermore
Pottermore er ein nettstad utvikla av J.K. Rowling, TH_NK og Sony. Sida handlar om bokserien Harry Potter.
Sida tilbyr mange av Rowlings tankar, fleire sider med tekst som ikkje var inkludert i romanane, ein teneste som seljer e-bok- og lydbok-versjonar av dei sju Harry Potter-bøkene, samt over 18 000 ord ekstra innhald. Det ekstra innhaldet omfattar mange bakgrunnsdetaljer og innstillingar.
Registrering til den avgrensa betaversjonen byrja 31. juli 2011 (fødselsdagen til både Rowling og karakteren hennar Harry Potter) for dei fyrste ein million fans som fullførte "The Magical Quill"-utfordringa og registrerte seg. Det var eigentleg meininga at sida skulle opne for alle allereie i oktober 2011, men betaperioden blei forlenga. Pottermore opna for publikum 14. april 2012. Til no er berre dei to fyrste bøkene tilgjengeleg, Harry Potter og de vises stein og Harry Potter og Mysteriekammeret.
Innhaldsliste |
Funksjonar[endre]
Brukarar er i stand til å delta i interaktive leseopplevinga eller "moments"(augeblikk) når brukaren byrjar med den fyrste boka Harry Potter og de vises stein. Brukarane kan bevege seg gjennom kapitela og "følgje" Harry i tillegg til å samle gjenstandar som eliksiringrediensar, bøker og galleonar (ei form for trollmannsvaluta), som ein kan tene huspoeng for når dei er sortert i huset sitt. Mellom anna er brukarane i stand til å besøke Diagonallmenningen, lære trylleformlar, duellere mot andre brukarar og lage eliksirar.
Mottaking[endre]
Nettstaden har trekt til seg Harry Potter-fans i alle aldrar. Fans av serien responderte godt på den totale opplevinga og kvaliteten på nettstaden, vurderer nettstaden som ein "magisk portal", er forbløffa over detaljrikdommen og begeistra over bileta som "kjem til liv" framfor auga deira. Entertainment Weekly gav si godkjenning av sida og roste at nettstaden ikkje berre var eit marknadsføringsknep for å selje e-bøker og lydbøker, men ein nettstad som "I det minste lar deg oppleve noko av moroa med å leve i Harry Potters verd." Likevel har nettstaden nyleg blitt kritisert grunna den langvarige betaperioden og tekniske vanskar. Pottermore-bloggen rapporterte at forseinkinga kom av ei plattformforandring som var "usynleg" for brukarane, som var meint å løysa kapasitetsproblem før sida opnar for eit mykje større publikum.
Bakgrunnsstoff[endre]
Kjelder[endre]
- Denne artikkelen bygger på «Pottermore» frå Wikipedia på engelsk, den 23. juli 2012.
|
|
|
|---|---|
| Bøker | De vises stein · Mysteriekammeret · Fangen fra Azkaban · Ildbegeret · Føniksordenen · Halvblodsprinsen · Dødstalismanene |
| Filmar | De vises stein · Mysteriekammeret · Fangen fra Azkaban · Ildbegeret · Føniksordenen · Halvblodsprinsen · Dødstalismanene |
| Personar | Harry Potter · Hermine Grang · Ronny Wiltersen · Fyrst Voldemort · Albus Humlesnurr · Severus Slur · Rubeus Gygrid · Draco Malfang |
| Universet | Magi · Vesen · Uttrykk og magiske gjenstandar · Tidsline · Tretrollmannsturneringen · Trylleformlar · Skulefag på Galtvort · Fyrste trollmannskrig · Andre trollmannskrig · Stader |
| Utanfor universet | Religiøse debattar · Trollmann-rock · Fandom · Politikk · Parodiar · Skodespelarar |
| Relaterte nettstader | Pottermore · The Leaky Cauldron · Mugglenet · Harry Potter Lexicon · Harry Potter Fan Zone |