Potters Bar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Potters Bar

Dobbel regnboge over Potters Bar
Dobbel regnboge over Potters Bar
Plassering
Potters Bar is located in
Styresmakter
Land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Konstituerande land Flag of England.svg England
Grevskap Hertfordshire
Distrikt Hertsmere
Grunnlagd 1200-talet
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2001)

21 618
Koordinatar 51°42′″N 0°11′″WKoordinatar: 51°42′″N 0°11′″W
Diverse annan informasjon
Postnummer EN6
Telefon-retningsnummer 0 1707
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Potters Bar

Potters Bar er ein by i Hertfordshire i England, rett nord for London. Han vart grunnlagd på byrjinga av 1200-talet, og var omtrent uforandret inntil 1850-åra, då jernbanen kom til staden.

Opphavet til namneleddet Potters er usikker, men det er ei utbreidd oppfatning at det var anten eit romersk pottemakeri i nærleiken, eller at det kjem frå slekta Pottere som budde i South Mimms ikkje langt unna. Bar syner truleg til portane mellom soknet South Mimms og soknet Enfield Chase, eller til ei tollgrense på Great North Road.

Great North Road, den eldste hovudvegen mellom London og Nord-England og derfra vidare til Edinburgh i Skottland var hovudgaten (High Street) i Potters Bar. Han heitte tidlegare A1, og fekk så namnet A1000 då A1 vart lagt utanom byen. Potters Bar kan ein òg nå frå kryss 24 på M25.

I 1934 vart byen eit eget distrikt i Middlesex. Då Stor-London vart ein egen region i 1965 vart det meste av Middlesex ein del av det, medan distriktet Potters Bar vart overført til Hertfordshire. I 1974 vart distriktane omorganisert, og byen vart ein del av Hertsmere. Tilknytninga til Stor-London er likevel til stades, då London Underground har ein stasjon der.

Potters Bar jernbanestasjon er den høgastliggande på linja mellom King's Cross stasjon i London og York. 10. mai 2002 inntrefte ei alvorleg togulykke der, der sju omkom og 76 vart skadde.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]