Pound–Rebka-eksperimentet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jefferson-laboratoriet ved Harvard University. Eksperimentet vart utført i det venstre tårnet. Loftet vart utvida i 2005.

Pound–Rebka experiment er eit eksperiment som testa den generelle relativitetsteorien til Albert Einstein. Det vart foreslått av Robert Pound og studenten hans Glen A. Rebka Jr. i 1959,[1] og var det siste av dei klassiske testane av den generelle relativiteten som vart stadfesta (same år). Det er eit eksperiment basert på gravitasjonell raudforskyving som måler raudforskyvinga til lys som flyttar seg i eit gravitasjonsfelt, som er det same som ein test på konsekvensen frå den generelle relativitetsteorien om at klokker går med forskjellig fart forskjellige stader i eit gravitasjonsfelt.

Eksperimentet vart utført med ein høgdeskilnad på 22,5 m, og raudforskyvinga er då ekstremt liten. Ved å utnytte Møssbauereffekten greidde Pound og Rebka å oppnå tilstrekkeleg nøyaktigheit til at den gravitasjonelle raudforskyvinga kunne målast. Resultatet av målingane stemnde med det relativitetsteorien hadde sagt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Pound, R. V.; Rebka Jr. G. A. (1. november 1959). «Gravitational Red-Shift in Nuclear Resonance». Physical Review Letters 3 (9): 439–441. Bibcode:1959PhRvL...3..439P. doi:10.1103/PhysRevLett.3.439.