Poveglia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Poveglia er ei lita øy mellom Venezia og Lido i Venezialagunen i Italia.

Ho har hatt ei uheldig historie og enkelte meiner at det spøkjer her. I antikken vart ho nytta til å isolere tusenvis av offer for pest og dei tre gongane Svartedauden spreidde seg gjennom Europa vart øya effektiv nytta som ei stad der dei råka vart plassert for å døy. Det vart rekna som ein effektiv måte å halde infiserte menneske borte frå dei friske. Ein reknar med at 160 000 menneske døydde på øya gjennom historia.

Øya hadde ein liten busetnad som vart forlaten rundt 1380 under Chioggiakrigen mellom Venezia og Genova.

I 1922 vart det bygd eit psykiatrisk sjukehus på øya. I følgje rykea skal mange av pasientane ha sett dei pinte andene til pestoffera kort tid etter dei kom her. Legen der undersøkte dette med å utføre brutale lobotomeringar og medisinske eksperiment. Han skal visstnok ha sett eit gjenferd sjølv og hoppa utfor tårnet på sjukehuset. Etter dette vart sjukehuset forlate.

I dag vert øya hovudsakleg nytta til jordbruk (hovudsakleg vinranker) og er ikkje open for turistar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 45°23′N 12°20′E