Poyntingvektor

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dipolstråling frå ein dipol vertikalt på sida som syner elektrisk feltstyrke (farge) og poyntingvektoren (piler) i planet på sida.

Poyntingvektoren er ein vektor som gjev storleik og retning av energistraumtettleiken i eit elektromagnetisk felt. Poyntingvektoren er definert som vektorproduktet av elektrisk og magnetisk feltstyrke, og er lik strålingstrykket multiplisert med lyssnøggleiken.

Vektoren er kalla opp etter John Henry Poynting.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«poyntingvektoren» i Store norske leksikon, snl.no.