Poznań

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Poznań
Gamleplassen
Gamleplassen
Flagget til Poznań Byvåpenet til Poznań
Flagget til Poznań Byvåpenet til Poznań


Plassering
Poznań is located in Polen
Styresmakter
Land
Voivodskap
Flag of Poland.svg Polen
Storpolske voivodskap
Grunnlagd
Byrettar
700-talet
1253
Borgarmeister Ryszard Grobelny
Geografi
Flatevidd
 - By

261,85 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2006)
 - Byområde

566 546
855 894
Koordinatar 52°24′0″N 16°55′0″EKoordinatar: 52°24′0″N 16°55′0″E
Høgd over havet 60-154 moh
Diverse annan informasjon
Postnummer 60-001 til 61-890
Telefon-retningsnummer +48 61
Bilnummer PO
Nettstad: www.poznan.pl

Poznań  (tysk Posen, latin Posnania) er ein by vest i sentrale område av Polen med om lag 570 000 innbyggjarar (2006). Han ligg ved elva Warta og er ein av dei eldste byane i Polen og er eit viktig historisk senter og eit senter for handel, industri og utdanning. Poznań er den femte største byen i landet og det fjerde største industrielle senteret. Han er òg hovudstad i Storpolske voivodskap.

Domkyrkja er den eldste i landet og inneheld graver for dei første polske herskarane, hertug Mieszko I, Kong Bolesław den modige, kong Mieszko II, hertug Kasimir I, hertug Przemysł I, og kong Przemysł II.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Geiter på rådhuset

Mieszko I, den første kjende hertugen over polakkane, bygde ei av borgene sine i Poznań. St. Peter og Pauluskyrkja er den eldste polske katedralen og bygginga av ho starta i Poznań på siste halvdel av 900-talet. Byen vart etter kvart hovudstad i Storpolen. Son til Mieszko I, Bolesław den modige, vart krona til konge i 1025 og Kongedømet Polen vart oppretta. Storpolen vart starten på den polske staten og både Mieszko I og Bolesław I er gravlagd i Poznań. Lubrańskiakademiet, det andre polske universitetet, vart oppretta i 1519.

Poznań var hovudstad i Storpolen fram til det kom inn under Preussen i 1793 og det administrative området vart kalla Sør-Preussen. Under det storpolske opprøret i 1806 gjorde lokale polske motstandsfolk opprør og assisterte på den måten Napoleon med å drive ut dei prøyssiske styrkane. Byen vart då ein del av Hertugdømet Warszawa i 1807 og hovudstad i Poznań department. Napoleon sitt tap førte til Wienerkongressen der landegrensene i Europa vart teikna opp att av sigerherrane. Storpolen gjekk tilbake til Preussen og byen vart hovudstad i autonome Storhertugdømet Posen. Frå revolusjonane i 1848 og framover vart Poznań hovudstaden i den prøyssiske provinsen Posen. Han vart ein del av Det tyske riket under samlinga av Tyskland i 1871.

Kort tid etter Det tyske riket sitt tap i den første verdskrigen oppstod det store polske opprøret i 1918-1919, noko som førte til opprettinga av Den andre polske republikken, der Poznań vart hovudstad i Poznań voivodskap. Under den andre verdskrigen leid Polen under okkupasjonen til Nazi-Tyskland og den jødiske og etnisk polske folkesetnaden vart deportert eller sendt i konsentrasjonsleirar. I 1945 vart byen erklært ein Festung (ein festningsstad som dei tyske styrkane skulle forsvare til det siste) etter orde frå Hitler. Sidan Poznań låg langs den direkte ruta frå Warszawa til Berlin, omleira Den raude arméen byen og slo ut tyskarane under åtaket på Cytadela (citadellen), noko som førte til store skader på byen. Etterpå var det tyskarane sin tur å bli deporterte, og polakkane kunne fare heim att. Etter krigen har Poznań vore hovudstad for dei omliggande områda og sidan 1999 i Storpolske voivodskap.

Antikommunistiske protestar i 1956 spelte ei viktig rolle i frigjeringa frå kommunistregimet.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Robert Alvis, Religion and the Rise of Nationalism: A Profile of an East-Central European City, Syracuse University Press, Syracuse 2005
  • K. Malinowski (red.), Dziesięć wieków Poznania, t.1, Dzieje społeczno-gospodarcze, Poznań 1956
  • collective work, Poznań, Poznań 1958
  • collective work, Poznań. Zarys historii, Poznań 1963
  • Cz. Łuczak, Życie społeczno-gospodarcze w Poznaniu 1815-1918, Poznań 1965
  • J. Topolski (red.), Poznań. Zarys dziejów, Poznań 1973
  • Zygmunt Boras, Książęta Piastowscy Wielkopolski, Wydawnictwo Poznańskie, Poznań 1983
  • Jerzy Topolskiego (red.), Dzieje Poznania,Wydawnictwo PWN, Warszawa - Poznań 1988
  • Alfred Kaniecki, Dzieje miasta wodą pisane, Wydawnictwo Aquarius, Poznań 1993
  • Witold Maisel (red.), Przywileje miasta Poznania XIII-XVIII wieku. Privilegia civitatis Posnaniensis saeculorum XIII-XVIII. Władze Miasta Poznania, Poznańskie Towarzystwo Przyjaciół Nauk, Wydawnictwa Żródłowe Komisji Historycznej, Tom XXIV, Wydawnictwo PTPN, Poznań 1994
  • Wojciech Stankowski, Wielkopolska, Wydawnictwo WSiP, Warszawa 1999
  • Gotthold Rhode : Geschichte der Stadt Posen

Kjelder[endre | endre wikiteksten]