Prättigau

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ved Küblis i Prättigau, med utsyn mot sør

Prättigau er ein dal i kantonen Graubünden (Grisons) i Sveits. Her ligg den verdskjende vintersportstaden Klosters, medan Davos ligg i Landwasserdalen like ved.

Gjennom dalen renn elva Landquart. Dalen strekkjer seg oppover frå Landquart, ein viktig transportterminal like nord for Chur, hovudstaden i Grisons. Han er ein populær turistdestinasjon både om vinteren og sommaren. Tradisjonelt har byane i Prättigau vore avhengig av tømmerindustrien, men i dag har turisme i stor grad erstatta dette.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]