Prærielauk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Prærielauk
Prærielauk
Prærielauk
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Aspargesordenen Asparagales
Familie: Påskeliljefamilien Amaryllidaceae
Underfamilie: Alliaceae Allioideae
Stamme: Allieae
Slekt: Laukslekta Allium
Art: Prærielauk A. cernuum
Vitskapleg namn
Allium cernuum

Prærielauk (Allium cernuum) er ei fleirårig plante i laukslekta i påskeliljefamilien som høyrer naturleg heime i Nord-Amerika.

Prærielauk

Prærielauk har ein ikkje-lagdelt, slank, konisk lauk som gradvis smalnar til fleire kjølforma gras-liknande blad (2–4 mm breie). Kvar mogen lauk har ein einskild blomsterstengel, som sluttar i ein nikkande skjerm med kvite eller rosa blomstrar. Prærielauk blomstrar i juli-august. Blomstrane mognar til kuleforma, furete frukt som seinare opnar seg og frigjer mørke skinnade frø. Planta har ikkje smålauk i blomsterstanden.

Blomane til prærielauk.

Planten veks i tørr skog, steinrøyser og på prærien. Han finst naturleg i Nord-Amerika frå New York til British Columbia sør til Virginia og Kentucky og sør i fjella. Lauken kan etast og har ein sterk lauksmak. Prærielauk blir også brukt som prydplante.

Allium cernuum form major har større planter større blomstrar enn normalarten.

Varietetar og sortar[endre | endre wikiteksten]

  • Allium cernuum Roth var. neomexicanum (Rydberg) McBride
  • Allium cernuum Roth var. obtusum Cockerell ex McBride
  • Allium cernuum «Pink Giant»
  • Allium cernuum album

Synonym[endre | endre wikiteksten]

  • Allium neomexicanum Rydberg
  • Allium recurvatum Rydberg

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Prærielauk