Prado

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Pradomuseet

Pradomuseet (spansk Museo del Prado) er eit kjent kunstmuseum i Madrid, som inneheld ei av verdas fremste kunstsamlingar. Det ligg ved promenadstrøket Paseo del Prado.

Prodomuseet vart bygt i 1785 og inneheld meir enn 2 200 måleri. Samlingane vert haldne for å vere av dei aller fremste i Europa, fleire måleri vert rekna for meisterverk. Utvalet av eldre spansk målarkunst er eineståande, men museet omfattar også ein hel del italienske og nederlandske måleri. Av kunstnarar representert i Prado finst mellom anna Francisco de Goya og Diego Velázquez, det finst og eit måleri av Rembrandt.

Spansk kunst frå seinare tid, etter år 1900, finst i Museo Reina Sofía.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]