Prairie Wind
| Prairie Wind Studioalbum av Neil Young |
||
| Utgjeve | 27. september 2005 | |
| Innspelt | mars 2005 | |
| Sjanger | Rock, folkrock | |
| Lengd | 52:05 | |
| Selskap | Reprise Records | |
| Produsent | Neil Young, Ben Keith | |
| Kritikk | ||
|---|---|---|
|
||
| Neil Young-kronologi | ||
| Greendale (2003) |
Prairie Wind | Living with War (2006) |
Prairie Wind er eit album av Neil Young frå 2005. Etter å ha å flørta med soulmusikk frå 60-åra (Are You Passionate?) og laga ein rockeopera (Greendale) dei føreågande åra, var Prairie Wind tilbake til den akustiske stilen som hadde prega dei mest populære albuma hans, som Harvest og Harvest Moon. Albumet var delvis inspirert av sjukdommen og det nylege dødsfallet til faren, den kanadiske journalisten Scott Young og albumet er tileigna han.
Young spelte inn albumet i Nashville før han vart operert for aneurisme våren 2005. på somme av songane på albumet ser det ut til at Young konfronterer sin eigen dødelegheit.
Albumet vart framført på konsert 18. og 19. august 2005 i Ryman Auditorium i Nashville. Desse konsertane vart filma av Jonathan Demme og gjeven ut som Heart of Gold.
Young spelte første gongen avslutningssongen «When God Made Me» på Live 8-konserten i Barrie i Canada.
Innhaldsliste |
Utgjeving [endre]
Albumet debuterte på 11. plass på den amerikanske albumlista og i Noreg gjekk han heilt til tredjeplass. Albumet låg på den amerikanske lista i 26 veker og selde til gullplate.
Prairie Wind vart nominert til Grammyprisen i 2005 for årets beste rockealbum og beste rockeframføring for soloartistar for songen «The Painter» [1].
Innhald [endre]
Alle songar er skrivne av Neil Young.
| # | Tittel | Lengd |
|---|---|---|
| 1. | «The Painter» | 4:36 |
| 2. | «No Wonder» | 5:45 |
| 3. | «Falling Off the Face of the Earth» | 3:35 |
| 4. | «Far From Home» | 3:47 |
| 5. | «It's a Dream» | 6:31 |
| 6. | «Prairie Wind» | 7:34 |
| 7. | «Here for You» | 4:32 |
| 8. | «This Old Gitar» | 5:32 |
| 9. | «He Was the King» | 6:08 |
| 10. | «When God Made Me» | 4:05 |
Medverkande [endre]
- Neil Young - akustisk gitar, elektrisk gitar, munnspel, piano, vokal
- Ben Keith - Dobro, pedalsteel, slidegitar
- Spooner Oldham - piano, Hammond B3 orgel, Wurlitzer elektrisk piano
- Rick Rosas - bass
- Karl Himmel - trommer, perkusjon
- Chad Cromwell - trommer, perkusjon
- Grant Boatwright - akustisk gitar, korvokal
- Clinton Gregory - fele på «No Wonder»
- Wayne Jackson - horn
- Thomas McGinley - horn
- Emmylou Harris - gjestevokal
- Pegi Young (kona til Neil Young) - korvokal
- Diana Dewitt - korvokal
- Anthony Crawford - korvokal
- Gary Pigg - korvokal
- Curtis Wright - korvokal
- Chuck Cochran - strykearrangement
- Fisk University Jubilee Choir, dirigert av Paul Kwami
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Prairie Wind» frå Wikipedia på engelsk, den 31. oktober 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: