Praktblomsterborar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Praktblomsterborar
Praktblomsterborar
Praktblomsterborar
Utbreiing og status
Status i verda: NT Nær trugaUtbreiinga av Praktblomsterborar
Utbreiinga av Praktblomsterborar
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Tanagarar Thraupidae
Slekt: Blomsterborarar Diglossa
Art: Praktblomsterborar D. gloriosissima
Vitskapleg namn
Diglossa gloriosissima

Praktblomsterborar (Diglossa gloriosissima) er ein fugl i tanagarfamilien. Han er endemisk for Colombia. Han var sist registrert i 1965 til han vart gjenoppdaga i 2004. Utbreiingsområdet er høgtliggande og vanskeleg tilgjengeleg.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Dette er ein mellomstor blomsterborar, ca. 14 centimeter i kroppslengd og han veg ca. 14 gram. Fjørdrakta til vaksne fuglar er gjennomgåande svart med klår, kastanjebrun buk og undergump, samt ein karakteristisk lys blå skulderflekk. Nebbet er mørkt og litt oppeikande med ein krok i enden.

Arten er registrert med to åtskilte lokale populasjonar, som to underartar. Nominatforma finst i Cerro Munchique i Cauca-departementet, den andre underarten lever i nordre Antioquia-departementet. Totalt utgjer det 90 km².[1] Her lever dei i våt krattskog og elfinskog, frå 3000 til 3800 moh.[2]

Populasjonen er estimert til å ligge i området 1500-4000 individ og er trudd å vere minkande. Arten er klassifisert som sterkt truga.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. 1,0 1,1 BirdLife International (2015)
  2. Hilty, 2011

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]