Pras Michel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Prakazrel Samuel Michel (fødd 19. oktober 1972) også kjend som Pras Michel eller berre Pras er ein haitisk-amerikansk rappar og skodespelar, fødd og oppvaksen i Brooklyn i New York.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Pras byrja karrieren sin i hip-hop-trioen Fugees, saman med Wyclef Jean og Lauryn Hill. Fugees hadde aukande suksess frå 1992 - 1997, men vart deretter oppløyst. Medlemene heldt fram med kvar sine solokarrierar. Pras Michel deltok i ei heil rekkje samarbeidsprosjekt; eit av dei mest kjende er cd-en og singelen Ghetto Supastar (That Is What You Are) saman med Mýa og Ol' Dirty Bastard. Pras har vore med på å vinna fleire musikkprisar, mellom anna Grammy-prisen.

I 1999 debuterte Pras som skodespelar, og fram til 2007 hadde han spelt i ti filmar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Engelsk Wikipedia om Pras, henta inn 25. mars 2011.