Pred da se razdeni

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Pred da se razdeni»
Singel av Esma og Lazano
Land Makedonia
Språk Makedonsk og romanés
Sjanger pop
Komponist Darko Dimitrov
Låtskrivar(ar) Darko Dimitrov, Lazar Cvetkoski, Simeon Atanasov og Magdalena Cvetkoska

«Pred da se razdeni» (makedonsk «Пред да се раздени», makedonsk for Før solrenning) var det makedonske bidraget i Eurovision Song Contest 2013 i Malmö i Sverige, framført på makedonsk og romanés av Esma og Lazano. Songen er skriven av Darko Dimitrov, Lazar Cvetkoski, Simeon Atanasov og Magdalena Cvetkoska.

Eurovision Song Contest 2013[endre | endre wikiteksten]

29. desember 2012 annonserte Makedonska radio televizija (MRT) dei hadde vald ut Esma og Lazano til å representere Makedonia i Eurovision Song Contest 2013.[1] 19. februar 2013 vart det klårt at dei ville framføre den makedonskspråklege songen «Imperija», skriven av Simeon Atanasov og Borče Nečovski.[2] MRT kringkasta eit presentasjonsprogram 27. februar 2013 frå eit fjernsynsstudio i Skopje, leia av Dimitar Atanasovski, der songen og ein musikkvideo vart presentert.[3]

8. mars 2013 rapporterte makedonsk medium at songen ville verte trekt attende og bytta ut med ein ny song.[4][5] Leiaren for den makedonske delegasjonen, Ljupco Mirkovski, sa at songen vart bytta ut av di makedoniarar ikkje var nøgd med songen og hadde klaga.[4] 15. mars 2013 presenterte MRT «Pred da se razdeni» som det nye makedonske bidraget.[6] Under dei fyrste prøvane vart delar av songen framført på engelsk og songen fekk tittelen «If I Could Change the World». For å kunne endre på eit bidrag etter fristen 18. mars måtte Makedonia betale ei straffeavgift til Den europeiske kringkastingsunionen (EBU). Under dei seinare prøvane bytta dei attende til originalversjonen, som òg vart den som vart framført i Eurovision Song Contest.[7] Makedonia deltok i den andre semifinalen 16. mai 2013 og enda på 16. og sisteplass med 28 poeng; tolv frå Albania, fem frå Malta og Bulgaria og to frå San Marino. Landet kvalifiserte seg dimed ikkje til finalen 18. mai 2013.

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

  • «If I Could Change the World», engelsk version

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Esma Redzepova and Vlatko Lozanoski to represent FYR Macedonia» (på engelsk). ESCToday. 29. desember 2012. Henta 25. mars 2013. 
  2. «Со „Империја“ на Евросонг» (på makedonsk). Dnevnik. 19. februar 2013. Henta 25. mars 2013. 
  3. «Pop meets folk for FYR Macedonia» (på engelsk). Eurovision.tv. 27. februar 2013. Henta 25. mars 2013. 
  4. 4,0 4,1 «Дарко Димитров и Лазар Цветковски ангажирани за новата евровизиска песна» (på makedonsk). Dnevnik. 8. mars 2013. Henta 25. mars 2013. 
  5. «FYR Macedonia: Local press reports claim Imperija will be replaced» (på engelsk). ESCToday. 9. mars 2013. Henta 25. mars 2013. 
  6. «New song for Esma & Lozano announced» (på engelsk). Eurovision.tv. 15. mars 2013. Henta 25. mars 2013. 
  7. «Makedoniens ändringar en fatal miss» (på svensk). Sveriges Television. 8. mai 2013. Henta 22. mai 2013.