Preferanseval

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Preferanseval er eit valsystem der veljaren rangerer kandidatar på ei uprioritert valliste ved å skriva tal ved sida av namnet på kandidaten. Den første preferansen til veljaren skal markerast med talet 1, andrepreferansen med talet 2, osv.

Ved preferanseval skal den mest føretrekte kandidaten bli vald, uavhengig av taktisk stemmegjeving.

Kåring av representantar[endre | endre wikiteksten]

Ved preferanseval kan kåring av representantar skje ved at talet på avgjevne røystesetlar vert dividert med talet på representantplassar pluss 1. Kvotienten skal avrundast oppover. Resultatet vert kalla valtalet.

Deretter tel ein kor mange eitt-tal kvar einskild kandidat har fått attmed namnet sitt. Dersom nokon har fått så mange førsterøyster at han når opp til valtalet, er han vald til representant.

Dersom ingen når opp til valtalet, skal den kandidaten med færrast førsterøyster (eitt-tal) strykast frå alle røystesetlane. På desse røystesetlane rykkar no den andrerangerte opp på førsteplass, og ein gjer ny oppteljing av førsterøyster,

Dersom enno ingen når opp til valtalet, skal den som no har det lågaste talet på førsterøyster, strykast, og dei lågare rangerte på desse listene rykkar opp før ein gjer ny oppteljing.

Slik held ein fram heilt til ein kandidat når opp til valtalet.

Dersom det skal veljast fleire kandidatar, tel ein kven som har flest andrerøyster på dei røystesetlane der den som vart vald står øvst. I det vidare valoppgjeret skal desse røystene reknast som førsterøyster, men med redusert vekt, avhengig av modell. Slik held ein fram med stryking av kandidatar og med tildeling av overskotsrøyster frå dei valde heilt til det fastsette talet på representantar er valde.

Bruk av preferanseval[endre | endre wikiteksten]

I Noreg vert preferanseval brukt av Den norske kyrkja ved valet til bispedømmeråd og kyrkjemøtet,[1] av Universitetet i Oslo og ved fleire høgskular. Irland og Malta bruker preferanseval til nasjonalforsamlinga.[2]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Reglar for kyrkjeval (PDF)
  2. Kjelde: Bokmålswikipedia