Preike

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Preike (frå norrønt prédikan av latin praedicare, «rope ut», «forkynne») er ei oppbyggjeleg tale i ei gudsteneste.

Ordet vert òg bruka som nemning for einetalar, helst då med moraliserande innhald, men i skjemtande eller nedsetjande tyding òg om andre talar.

Preika i gudstenesta[endre | endre wikiteksten]

I Den norske kyrkja er det til vanleg ein prest, liturgen, som preiker, men etter gudstenesteboka kan han overlate preika til andre. Predikanten tek utgangspunkt i søndagens preiketekst som er fastlagd av kyrkjemøtet.

Ei klassisk preike skal følgje visse stilideal. Ho skal ta utgangspunkt i teksten det skal preikast over, og setje denne teksten inn i ei bibelhistorisk samanheng. Vidare skal predianten fortelje korleis teksten var meint den gongen han vart skriven, og korleis teksten kan ha meining for folk i dag. Til slutt skal teksten knytast til det kristne håpet som ligg i at Jesus Kristus døydde og stod opp for oss.

I ei moderne gudsteneste varer preika gjerne eit kvarters tid. Predikanten har stor fridom i utforminga av preika.

Preiker vert òg trykte i preikesamlingar, såkalla postillar, bøker som var folkeeige før i tida.

Spire Denne kristendomsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.