Preobrazjenskoje-traktaten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Preobrazjenskoje-traktaten var ein avtale forhandla fram av Johann Patkul og signert den 22. november 1699 i Preobrazjenskoje (i dag ein del av Moskva), som var ein av residensane til tsar Peter den store. Avtalen kom til etter eit uformelt møte mellom Peter og August den sterke i Rava i august 1698. Avtalen omfatta ei deling av Det svenske imperiet mellom Danmark, Russland, Sachsen og Det polsk-litauiske samveldet. Etter avtalen kom i stand starta den store nordiske krigen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]