Prerafaelittane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mariana (1850) av John Everett Millais. Basert på diktet med same namn av John Keats.
The Loving Cup (1867) av Dante Gabriel Rossetti.

Prerafaelittane (eige namn The Pre-Raphaelite Brotherhood, 'Den før-rafaelittiske brorskapen') var ei britisk kunstnargruppe skipa i 1848 av Dante Gabriel Rossetti, John Everett Millais og William Holman Hunt. Gruppa meinte at den samtidige biletkunsten som blei hevda av Royal Academy of Arts og grunnleggjaren sir Joshua Reynolds, var ei formalistisk, klisjéfylt og mekanisk attgjeving av verk etter Rafael og Michelangelos ånd. Prerafaelittane søkte i staden inspirasjon frå kunsten før Rafael, særleg i italiensk ungrenessanse (trecento og quattrocento) og i mellomalderkunst. Dei søkte realisme, måleri etter naturen og klart uttrykte idéar i kunstverka sine. Som motiv valde dei ofte emne frå litteraturen, både frå mellomalderen og nyare romantisk litteratur. Bibelske, mytologiske og historiske motiv var også vanlege.

Prerafaelittane si interesse for bilete og soger frå mellomalderen var kombinert med eit sterkt engasjement i samtidige samfunnsspørsmål. Kunsten deira var prega av motsetningar. Religiøsitet og fantasiar om svunne tider smelta saman med radikale politiske oppfattningar og nærstudium av naturen og omgjevnader. I sentrum stod dei evige spørsmåla om kjærleik, lidenskap, svik og død. Kunstverka er prega av djupt alvor men også av sterk patos, anten det er uttrykt i måleri, teikning, fotografi eller kunsthandverk.

Medlemskap i brorskapen blei halden hemmeleg for andre medlemmer av Royal Academy. Prerafaelittene forklarte meiningane sine i fire nummer av tidsskriftet The Germ i 1850. I løpet av 1850-åra avtok samarbeidet deira, og gruppa gjekk etterkvart i oppløysing. Likevel hadde ho sterk innverknad på seinare britiske og andre europeiske kunstnarar.

Medlemmer og tilknytte personar[endre | endre wikiteksten]

Den prerafaelittiske brorskapen blei skipa i heimen til John Millais sine foreldre i Gower Street i London. I tillegg til Millais, Hunt og Rossetti gjekk William Michael Rossetti, James Collinson, Frederic George Stephens og Thomas Woolner saman i brorskapen, som dermed fekk sju medlemmer.

Andre kunstnarar nært knytte til brorskapen var Ford Madox Brown, som avslo ein invitasjon, Charles Allston Collins, Thomas Tupper og Alexander Munro. Diktarar som Christina Rossetti og Algernon Charles Swinburne hadde også tilknyting. Tenkjaren John Ruskin var både inspirasjon og forsvarar for gruppa.

Ideane til prerafaelittane påverka seinare kunstnarar som John Brett, Edward Burne-Jones, Philip Calderon, Arthur Hughes, Gustave Moreau, Evelyn De Morgan, William Morris, Frederic Sandys, Simeon Solomon og John William Waterhouse.

Samlingar[endre | endre wikiteksten]

Det finst større samlingar av prerafaelittiske verk i Tate Gallery og Victoria and Albert Museum i London, Manchester Art Gallery, Lady Lever Art Gallery og Walker Art Gallery i Liverpool og Birmingham Museum and Art Gallery. National Trust-eigedommane Wightwick Manor i Wolverhampton og Wallington Hall i Northumberland har begge større, representative samlingar. Utanfor Storbritannia har Delaware Art Museum den største samlinga prerafaelittisk kunst.

Komponisten Andrew Lloyd Webber eig også ei større prerafaelittisk kunstsamling. Eit utval av 300 verk frå samlinga hans blei vist fram ved Royal Academy of Arts i 2003.

Kjende prerafaelittiske verk[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«prerafaelittene» i Store norske leksikon, snl.no.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Prerafaelittane