Statsleiarar i Folkerepublikken Kina
(Omdirigert frå President av Kina)
Folkerepublikken Kina har ein person med tittelen zhuxi som statsleiar. Dette kinesiske ordet tyder 'formann', og blei brukt som tittel på leiarane fram til ein ny grunnlov i 1982 slo fast at den offisielle omsetjinga var president. Presidenten blir formelt vald av den nasjonale folkekongressen, som i praksis stemmer over éin kandidat lagt fram av partileiinga.
Liste over statsleiarar[endre | endre wikiteksten]
- Mao Zedong (1. oktober 1949–27. april 1959)
- Liu Shaoqi (27. april 1959–31. oktober 1968)1
- Dong Biwu (31. oktober 1968–24. februar 1972)
- medSong Qingling til 24. februar 1972
- Zhu De (17. januar 1975–6. juli 1976)2
- Ikkje fylt (6. juli 1976–5. mars 1978)3
- Ye Jianying (5. mars 1978–18. juni 1983)
- Li Xiannian (18. juni 1983–8. aprol 1988)
- Yang Shangkun (8. april 1988–27. mars 1993)
- Jiang Zemin (27. mars 1993–15. mars 2003)
- Hu Jintao (15. mars 2003–i dag)
Noter[endre | endre wikiteksten]
- Ingen blei vald til å etterfylgja Liu Shaoqi, så viseformann Dong Biwu fungerte som statsleiar, saman med viseforkvinne Song Qingling 1969–1972, åleine 1972–1975.
- Stillinga som partiformann blei offisielt avskaffa i 1975 og formannen for den nasjonale folkekongressen sin permanente komite var statsleiar.
- Stillinga blei ikkje fylt mellom juli 1976 og mars 1978. Dei tjue viseformennene i den nasjonale folkekongressen sin permanente komite fungerte kollektivt som statsleiarar.