Prestekrage
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Prestekrage | ||
| Systematikk | ||
| Domene: | Eukaryota | |
| Rike: | Plantae | |
| Klasse: | Eudicotyledonae | |
| Orden: | Asterales | |
| Familie: | Asteraceae | |
| Slekt: | Leucanthemum | |
| Art: | L. vulgare | |
| Vitskapleg namn | ||
| Leucanthemum vulgare
Lam., 1778
|
||
Prestekrage (Leucanthemum vulgare, tidlegare Chrysanthemum leucanthemum) er ein art i korgplantefamilien. Planten har ei sirkumpolar utbreiing. I Noreg veks han i alle delar av landet.
Prestekragen er vanleg 3 dm høg, men kan vere mykje høgare. Planta er fleirårig, og har ein enkel stengel, oftast med ei korg. Kantkroner kvite. Nedre blad skafta, øvre sitjande. Frukt utan fnokk eller med ein liten krage. Blømer i juni på kunsteng og mosegrodde bakkar.
Kjelder[endre]
- Svensk wikipedia.
- Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.