Preterito-presentiske verb
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Preterito-presentiske verb er i nynorsk språk verb med ei blanding av sterk og svak bøygning. Desse verba var opphavleg sterke, men har i preteritum og supinum fått nye, svake former, medan dei opphavlege preteritumsformene har fått ein presensfunksjon.
| infinitiv | presens (notid) | preteritum (fortid) | perfektum partisipp |
|---|---|---|---|
| eige | eig | åtte | ått |
| kunne | kan | kunne el. kunde | kunna |
| mune | mun | munde | - |
| må(tte) | må | måtte | mått(ta) |
| sku(l)e | skal | skulle el. skulde | skul(l)a |
| turve | tarv | turvte | turvt |
| vite | veit | visste | visst |
Sjå òg [endre]
Kjelder [endre]
- Olav T. Beito: Nynorsk grammatikk Det Norske Samlaget 1986 ISBN 82-521-2801-7