PricewaterhouseCoopers

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
PwCs' kontorbygg i Melbourne.
PwCs kontorbygg i Bjørvika, Oslo.

PricewaterhouseCoopers (PwC) er verdas største internasjonale revisjonsselskap. Det vart danna i 1998 gjennom ein fusjon av Price Waterhouse og Coopers & Lybrand, begge grunnlagt i London. PwC er det største av dei fire store revisjonsselskapa i verda, der dei andre tre er Deloitte, Ernst & Young og KPMG.

PricewaterhouseCoopers tilbyr tenester innan revisjon, rådgjeving, skatt og avgift til offentlege og privateigde verksemder.

På verdsbasis har selskapet 146 000 tilsette i 150 land, og inntektene i 2007 var 25 milliardar dollar. Hovudkontoret ligg i New York.

I Noreg har PwC over 1 200 tilsette. I desember 2007 flytta PwC inn i nye lokale i Bjørvika i Oslo etter å ha vore på Skøyen i fleire år.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

PricewaterhouseCoopers' nettstad (engelsk)