Prilep
| Prilep | |
|---|---|
| Styresmakter | |
| Land Kommune |
Republikken Makedonia Prilep kommune |
| Borgarmeister | Marjan Risteski |
| Geografi | |
| Flatevidd - By |
1 194,44 km² |
| Innbyggjarar - By (2005) - folketettleik |
73 814 61/km² |
| Koordinatar | Koordinatar: |
| Høgd over havet | +620 m |
| Tidssone | CET (UTC+1) |
| Diverse anna | |
| Postnummer | 7500 |
| Telefon-retningsnummer | 389 048 |
| Heimeside: prilep.gov.mk | |
| Plassering | |
| Plasseringa til Prilep i Republikken Makedonia | |
Prilep (makedonsk Прилеп; tyrkisk Pirlepe og Perlepe; arumensk Parleap, gresk Περλεπές (Perlepes) eller Πρίλαπο (Prilapo)) er ein by i Republikken Makedonia med om lag 75 000 innbyggjarar. Prilep er kjend som «byen under Marko sine tårn» sidan han ligg nær tårna til den legendariske helten kong Marko.
Prilep ligg nord på sletta Pelagonia sør i landet og er sete i kommunen med same namn. Prilep ligg 128 km frå hovudstaden Skopje, 44 km frå Bitola og 32 km frå Kruševo.
Historie [endre]
Prilep vart grunnlagd på ruinane av den antikke byen Styberra, som først var ein by i Makedonia og seinare innlemma i Romarriket. Styberra vart rasert av gotarar i 268, men var delvis busett heilt sidan den gong. Byen vart først nemnd som Prilep i 1014 som staden der Samuil av Bulgaria visstnok fekk hjarteåtak då han såg at tusenvis av soldatane hadde vorte gjort blinde av austromarane etter slaget ved Kleidion. Han vart tatt tilbake av Det andre bulgarske riket før han vart erobra av Det osmanske riket. Prilep var under osmanarane sin kontroll i seks hundre år før han vart ein del av Jugoslavia. Då Jugoslavia braut saman i 1992 vart han ein del av Makedonia.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Prilep» frå Wikipedia på engelsk, den 2. februar 2008.