Primadonna

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Primadonna (italiensk «førstedame») eller prima donna, opphavleg nytta i operaselskap, er den leiande songarinna i operahuset, den personen som dei viktigaste rollene ville vorte gjeven til. Primadonnaen var normalt, men ikkje nødvendigvis ein sopran. Den tilsvarande omgrepet på den mannlege hovudrolla (nesten alltid ein tenor) er «primo uomo».[1]

Desse primadonnaene (prime donne på italiensk) vart ofte rekna som egoistiske, urimelege og irritable, med ein ganske høg oppfatning av seg sjølv som ikkje vart delt av andre. Om dei verkeleg er meir forfengelege eller meir temperamentsfulle enn andre songarar (eller andre folk i operahus) er ikkje underbygt; omgrepet skildrar ofte ein forfengeleg, motbydeleg og temperamentsfull person som ein trass irritasjon ikkje kan vere for utan.[2]

Kjente primadonnaer har ofte fått operaentusiastar til å dele seg inn i rivaliserande «klubbar» som støtter ein songar over ein annan. Rivaliseringa mellom dei respektive fans av Maria Callas og Renata Tebaldi, til dømes, var ein av dei mest kjende, trass i venskapet mellom dei to songarane.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. H. Rosenthal, H. and J. Warrack, The Concise Oxford Dictionary of Opera, 2nd Edition, Oxford University Press, 1979. s. 398. ISBN 0-19-311321-X
  2. Susan Rutherford, The Prima Donna and Opera, 1815-1930, Cambridge University Press, 2006. ISBN 0-521-85167-X
  3. Sjå til dømes George Jellinek, Callas: Portrait of a Prima Donna, Dover, 1986, s. 96 og passim. ISBN 0-486-25047-4

Litteratur[endre | endre wikiteksten]