Primitivisme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Primitivisme er trua på at livet var betre eller meir moralsk i den tidlege fasen av menneskeheita og mellom primitive folkeslag, og sidan gradvis har forverra seg med veksten av sivilisasjon.

I biletkunsten er det fleire og ulike tilvisingar av omgrepet primitivisme. Ein bruk refererer til kunsten til anten førhistoriske eller hos ikkjevestlege folkegrupper. Brukt i den samanhengen vert ord som primitiv eller primitivisme ofte vist i hermeteikn. Dette for å vise noko ibuande unøyaktig ved bruken, eller ein etnosentrisk synsstad. Ein annan type primitivisme er arbeid gjort av kunstnarar som kan vere sjølvlærde. Ein tredje førekomst av primitivisme refererer til lån av visuelle skjema frå ikkjevestlege eller forhistoriske folk. Paul Gauguin sin bruk av tahitiske motiv i måleria er eit døme på den siste praksisen.

Lån frå primitiv kunst har vore viktig for utviklinga av moderne kunst. Omgrepet «primitivisme» er ofte brukt om andre profesjonelle målarar som arbeider i stil med naiv kunst eller folkekunst, som Mikhail Larionov, Paul Klee og Sergej Zagrajevskij.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]