Primrose Hill

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Primrose Hill

Primrose Hill er ein ås på nordsida av Regent's Park i London. Området rundt åsen, som består av både eit park- og eit bustadområde, har det same namnet. Åsen har god utsikt mot det sentrale London, og var ein del av eit område Henrik VIII skaffa seg. I 1841 gjekk det til krona, og året etter vart det ved eit parlamentsvedtak ein offentleg park.

Delar av området har busetnad, for det meste viktorianske rekkjehus. Det har alltid vore eit av dei mest fasjonable områda i beltet mellom sentrum av London og dei ytre forstadane, og eigedomsprisane er høge.

I oktober 1678 vart Edmund Berry Godfrey myrda under mystiske omstende på Primrose Hill, som den gong vart kalla Greenberry Hill, sjå avsnitt lenger nede.

Området vart mykje omtalt i britiske media frå august 2006, då husokkupantar tok seg inn i eit hus verd fleire millionar pund. Dei byrja å halde vekentlege rave-festar som varte heile natta, og naboane klaga over både støy, openlys bruk av narkotika og forsøpling.

Kjende personar busett på Primrose Hill[endre | endre wikiteksten]

Tidlegare og noverande kjende folk på Primrose Hill:

Friedrich Engels hus på Primrose Hill

Green, Berry og Hill på Greenberry Hill[endre | endre wikiteksten]

På 1600-talet var området kjent som Greenberry Hill, og her vart ved eit merkeleg samantreff tre katolske prestar ved namn Green, Berry og Hill hengt.

Det byrja med at magistraten sir Godfrey 28. september 1678 vart oppsøkt av to protestantiske prestar, Titus Oates og Israel Tonge. Desse hevda at dei hadde eit dokument som beviste eksistensen av ein samansverjing for å få kong Karl II av England avsett, slik at hans katolske veslebroren James kunne bli konge i staden. I røyndomen dreidde det seg om falskneri for å setje katolikkane i England i eit dårleg ljos.

Oates og Tonge ville at sir Godfrey skulle vitne under eid på at dokumenta var ekte. Han sa då at han måtte få vita kva som stod i papira. Han heldt òg ein kopi. Truleg åtvara han òg ein katolsk bekjent av seg, Edward Coleman, om påstandane i dokumenta.

12. oktober 1678 forsvann sir Godfrey. 17. oktober vart han funne i det som den gong vart kalla Greenberry Hill, død og gjennomstukken av sitt eige sverd. Men stikksåret hadde ikkje blødd, og lega konkluderte med at han hadde vore daud i 4-5 dagar før han vart stukke. Sir Godfrey hadde merke etter kveling rundt halsen, og konklusjonen vart at dette var dødsårsaka.

Ein katolikk ved namn Miles Prance hevda at han 14. oktober var vorten ført til eit hus der han såg liket til sir Godfrey. Han innrømde å ha vore delaktig i mordet, men hevda at initiativet vart teke av tre prestar som han òg namngav: Robert Green, Henry Berry og Lawrence Hill. Sir Godfrey skulle ha vorte lokka til dette huset, kvelt og frakta til Hampstead. Seinare trekte Prance forklaringa tilbake, men då han hamna i fengsel, ombestemte han seg. Slik vart prestane Green, Berry og Hill uskuldig hengt på nettopp Greenberry Hill.

Prance innrømde seinare å ha avlagt falsk forklaring. Offisielt vart saka aldri løyst. Det vart hevda at sir Godfrey leid av depresjonar, og at brørne hans freista å skjule sjølvmordet hans for at ikkje eigedomane hans skulle bli beslaglagte av krona. Kriminalforfattaren John Dickson Carr tok for seg saka i 1936, og konkluderte med at den trulege bakmannen var Philip Herbert, 7. jarl av Pembroke. Bakgrunnen var at sir Godfrey hadde etterforska Herbert for drap og funne han skuldig, men ein benåding frå Parlamentet hadde redda han frå å bli avretta. Herbert hadde både motiv og ressursar til å få sir Godfrey rydda av vegen.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]