Primstav

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Gå til: navigering, søk
Primstav, sommar- og vinterside.
Detalj av primstav frå byrjinga av sommarsida.

Primstav er ein flat, stavforma kalender av tre der ymse merkedagar er markerte med innskorne symbol.

Innhaldsliste

[endre] Bruk

Kalenderen på primstaven er evigvarande og blei brukt før det vart vanleg med trykte almanakkar. Staven vart stort sett bare brukt i Noreg, Sverige og Danmark, og er ikkje kjend til dømes på Island.

Primstavar er gjerne 50-80 cm lange og 4-6 cm breide. Kvar dag er merka med ein strek eller eit hakk, og heilagdagar og andre merkedagar er avmerka med spesielle teikn eller figurar. Primstaven har kalenderoppteikningar på begge sidene; ei sommarside og ei vinterside. Sommarsida gjeld frå 14. april til 13. oktober og vintersida frå 14. oktober til 13. april.

[endre] Namn

Namnet primstav har samanheng med det latinske prima, i tydinga gyldental, som er årets nummer i den 19-årige månesyklusen. Gyldental finn ein likevel sjeldan på norske primstavar.

Medan han er kjend som 'primstav' i Noreg og Danmark, er kalenderen i Sverige kjend som runstav.

[endre] Nokre merkedagar

[endre] Bakgrunnsstoff

[endre] Litteratur