Primstav

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Primstaven)
Primstav, sommar- og vinterside.
Detalj av primstav frå byrjinga av sommarsida.

Primstav er ein flat, stavforma kalender av tre der ymse merkedagar er markerte med innskorne symbol.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Kalenderen på primstaven er evigvarande og vart brukt før det vart vanleg med trykte almanakkar. Staven vart stort sett berre brukt i Noreg, Sverige og Danmark, og er ikkje kjend til dømes på Island.

Primstavar er gjerne 50-80 cm lange og 4-6 cm breie. Kvar dag er merkt med ein strek eller eit hakk, og heilagdagar og andre merkedagar er avmerkte med spesielle teikn eller figurar. Primstaven har kalenderoppteikningar på begge sidene; ei sommarside og ei vinterside. Sommarsida gjeld frå 14. april til 13. oktober og vintersida frå 14. oktober til 13. april.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Namnet primstav kjem truleg gjennom norrønt prímstafr, gyllental, frå latin primatio lunae, 'første tilsynekomst av nymånen'. Bakgrunnen var at den 19-årige månesyklusen var utgangspunkt for den gamle tidsrekninga. Gyllental finn ein likevel sjeldan på norske primstavar.

Medan han er kjend som 'primstav' i Noreg og Danmark, er kalenderen i Sverige kjend som runstav.

Merkedagar på den norske primstaven[endre | endre wikiteksten]

Primstaven har opphav i ein katolsk kyrkjekalender, og har vore i bruk over store delar av Europa. Messedagane for dei ulike helgenane vart synte med teikn som symboliserte ein av attributtane til helgenen. Etter reformasjonen vart det religiøse innhaldet i mange av helgendagane gløymt, og i den folkelege tradisjonen vart dei ulike figurane nytolka. Til dømes vart muslingskalet som skulle symbolisere apostelen Jakob omtolka til ein vassdrope, slik at merkedagen vart kalla Jakob våthatt.

Merkedagane kan ha fleire namn. Kvar merkedag har dessutan sitt eige merke, som òg kan variere. I tabellen nedanfor er merkedagar vi kan finne på norske primstavar lista opp. Nokre av merkedagane finst på alle primstavar, medan andre berre sjeldan er avmerkte. Venlege merkedagar på norske primstavar er merkte med ein *.

Sommarhalvåret[endre | endre wikiteksten]

Dato Merkedag Merkenamn Primstavmerke
14. april * Sommardag, sommarmål, sommarnatt Lauvtre, grein
16. april Magnusmesse, tredjedag sommar Pil, øks, halv kross
23. april * Jørgensdag Krossar, hest
25. april * Markusmesse, Markusdagen, store gangdagen Blad på ein kvist, fjørpenn, fugl
1. mai * Gaukmesse, vesle gangdagen Gauk, dobbel kross
3. mai * Krossmesse om våren Stor kross
15. mai * Hallvardsmesse, Hallvardsvaka, hallsok Møllestein, prikkar (såkorn)
18. mai Eriksmesse Aks, sverd, krone
22. mai * Bjørnevòk Bjørnefot, bjørn, bispelue
25. mai * Urbanus Møkkagreip
3. juni * Skoklefallsdagen, rasmusdagen Bur
8. juni Medardus og Gilardus Fiskekrok
9 .juni * Kolumbamesse, Kolbjørn med laksen Fisk
17. juni * Botolvsmesse, botsok Bispestav, kross
21. juni Sommarsolkverv Sol
22. juni * Dei ti tusen riddarar, dei ti tusen martyrar Timeglas
24. juni * Jonsok, Jonsmesse, Sankt Hans Sol, timeglas
29. juni * Persok, Petersmesse, Peter med gullnøkkelen Nøkkel, blome
2. juli * Syftesok Bispestav
8. juli * Tredjevaka, Kjell fut, Kjell sviebygg, Seljumesse, Sunniva Virginis Ljå
10. juli * Knut med ljåen, knutsok, kong Knut, Knutsmesse Krone, rive, ljå
12. juli Kari med riva ?
14. juli * Midtsommar Sol, strek tvers gjennom primstaven
20. juli * Marit vassause, Margretemesse, Mari(t)messe Hjul, «M», krossar med glorie
22. juli * Mari stol, magdalidagen, magdalimesse Krone med krossar, beger
25. juli * Jakob våthatt, Jakobsmesse Krossar, sverd, hatt
29. juli * Olsok, Olavsvaka (for Sankt Olav) Øks (Olavsøks eller Olavsbile)
1. august Peters lenkjer, Peder vindfells dag, Per vinkel Nøkkel
3. august Olsok siare, vesle olsoken, Translatio Olavi Øks (mindre enn olsokøksa)
10. august * Larsok, Lavransvaka (for Sankt Laurentius) Rist
15. august * Marimesse om hausten, våre frue dyre, Marias himmelfart Krone eller kvinnefigur
24. august * Barsok, Bartholomeusmesse, bardonsok, Berdon bukkekniv, Bertel brytestrå Øks, kniv eller ein kross
29. august * Johannes halshogg, Vergismesse, Andre barsok Sverd (verje)
1. september * Eidismesse, Kvernknarren To kvernsteinar, kross
8. september * Morsmesse, marimesse siare Krone, «M», sauesaks
14. september * Krossmesse om hausten Kross
21. september * Mattismesse haust, Mattheusmesse, Mattisdag, (haustjamdøger) Øks
29. september * Mikkjelsmesse, mikeli Lur, vekt
4. oktober * St. Frans, Fransiscus Halvkross
7. oktober * Britemesse Bok, hus
9. oktober Dinesmesse, Deinets dag Fisk, flagg, bispestav

Vinterhalvåret[endre | endre wikiteksten]

Dato Merkedag Merkenamn Primstavmerke
14. oktober * Vinterdag, vinternettene, vinternatt Tre utan blad, (pave)hanske
18. oktober Lukasmesse, Lukas våtmann Krossar, okse, slaktebenk
21. oktober * Jomfrudagen, Ursula Kvinnefigurar, krone, pil, palme, ring
28. oktober * Simonsmesse, Simon og Judas Krossar med to sett armar, grein med to blad
1. november * Helgemesse, Allehelgensdag, aldermesse Krossar, omvendt skip
2. november * Alle sjelers dag Menneskefigur
11. november * Mortensmesse, Mortensdag Gås, bispestav
21. november Marioffer (Presentatio Mariae) Hovud med krone eller glorie
23. november Klemetsmesse, båtsok, Klemet kyrkjebyggjar, Klemet saueskjerar Ankar, kyrkje, pavekrone
25. november * Karimesse, Karenmesse, Kari med rokken Sverd, krossar, hjul
30. november * Andersmesse, Anders fiskar Andreaskross, revesaks, fiskekrok
4. desember * Barbromesse, Barbara Krossar, tårn, sverd, «B»
6. desember * Nilsmesse, Nikolausdagen, Nicolaus biskop Bispelue, bispestav, «N»
8. desember Maria unnfangelsesdag, vår frue ventedør Krona hovud, bok
9. desember * Anna matris Mariae, Anna røytrauv, (Anna) pissihose, Annadagen Kvinnehovud
13. desember * Lussimesse, Lussinatt, Luciadagen Bål, ljos
21. desember Tomasmesse, Tomas bryggar Tynne, krossar, hand
22. desember * Vintersolkverv Sol
23. desember * Tollesmesse, Sjursmesse, vesle julaftan, vaskenatt Halvkross
25. desember * Juledag, Natalis Christi Drikkehorn, kandelaber, tynne, sol
28. desember * Barnedag, barnemesse Lite kross, (sverd)
1. januar * Nyårsdag, åttandedagen Solhjul, timeglas, kyrkje
6. januar * Heilage tre kongar, trettandedagen Tre krossar, tre kroner, tre menn
7. januar * Eldbjørgdagen, ildbergingsdag, St. Knut Kross
11. januar * Brettemesse, brokkismesse, brykkesmesse Øks, hest
12. januar Midtvinter, hǫkunótt Prikkar (snø)
13. januar * Tjuandedag jul, Tjuandedagen, Knutsdag, avfaredag, gamle nyårsdagen Øks, klokke, tynne, omvendt drikkehorn
17. januar * Antonsmesse Krossar, gris
20. januar * Brødremesse Øks, to pilar i kross
25. januar * Pålsmesse, Pål med bogen, Pål skyttar Bue, sverd, fisk
2. februar * Kyndelsmesse, kindermesse, kjærmesse, lysene sine messe, missa candelarum Sjuarma lysestake, lilje, krona hovud
3. februar * Blåsmesse, Blåsius Horn, båt for fulle segl
5. februar Ågotsmesse, musedagen Mus, kross
22. februar * Peters stol, Per varmestein, Per heitstein Nøkkel, stein
24. februar Mattismesse vår, Mattis Øks, (omvendt) «M»
9. mars Dei førti riddarar Halv sol
12. mars * Gregormesse, Gregoriusdagen, Gregusmesse, Groårsmesse Fugl (duve)
17. mars * Gjertrudsmesse, Gjertrudsdagen Rokkesnelle, lilje, bjørkekvist, kapell
18. mars Petrus martyr, Per pekk i vatn Pigghakke
21. mars * Bendiksmesse, Bendik/Bent prøvesvin, (vårjamdøger, jamvår) Halv kross
25. mars * Marimesse om våren, vårfrumesse, Maria bodskapsdag, vårmesse Krone, kvinnefigur, hovud, tre

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]