Prince Edwardøyane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 46°46′23″S 37°51′9″E
Prince Edwardøyane
øy
none  Kart over Prince Edwardøyane
Kart over Prince Edwardøyane
Land Flag of South Africa.svg Sør-Afrika
stad Indiahavet
 - koordinatar 46°46′23″S 37°51′9″E
Høgaste punkt Mascarin Peak
 - høgd 1 242 moh
Areal 335 km²
Folketal Ingen
Jorda sentrert kring Prince Edwardøyane
Jorda sentrert kring Prince Edwardøyane

Prince Edwardøyane er to småøyar i det subantarktiske Indiahavet som er ein del av Sør-Afrika. Øyane heiter Marion Island og Prince Edward Island.

Øyane i gruppa har status som spesielt naturreservat i Sør-Afrika så all aktivitet på øyane er avgrensa til forsking og bevaring.[1][2] Den einaste busetnaden på øyane er mannskapet på ein meteorologisk og biologisk forskingsstasjon driven av Det sørafrikanske nasjonale antarktisprosjektet på Marion Island.

Geografi og geologi[endre | endre wikiteksten]

Øygruppa ligg kring 1760 km søraust for Port Elizabeth på fastlandet i Sør-Afrika. Marion Island (46°54′45″S 37°44′37″E), er den største av dei to og er 25,03 km lang og 16,65 km breie med eit areal på 290 km² og ei kystlinje på om lag 72 km, det meste med høge klipper. Det høgaste punktet på Marion Island er Mascarin Peak (tidlegare State President Swart Peak), med ei høgd på 1242 moh. Boot Rock er om lag 150 meter høg og ligg utanfor nordkysten.

Prince Edward Island

Prince Edward Island (46°38′39″S 37°56′36″E) er ei mykje mindre øy på 45 km², 10,23 km lang og 6,57 km brei, og ligg om lag 12 nautiske mil (22 km) nordaust for Marion Island. Ved Van Zinderen Bakker Peak nordvest for midten av øya, er øya 672 meter over havet.[3] Det ligg nokre holmar og skjer langs nordkysten av øya, som Ship Rock 100 meter nord for det nordlegaste punktet og Ross Rocks 500 meter frå kysten.

Marion Island

Begge øyane har vulkansk opphav. Marion Island er toppen av ein stor undersjøisk skjoldvulkan som stig om lag 5000 meter opp frå djuphavet til toppen av Mascarin Peak. Vulkan er aktiv og har hatt utbrot mellom 1980 og 2004.[4]

Klima[endre | endre wikiteksten]

Øyane ligg midt i lågtrykksbanen til lågtrykka som året rundt går austover på den sørlege halvkula og dette gjev dei uvanleg kjølig og vindfullt klima. Det er kraftig vind nesten kvar dag og den rådande vindretninga er nordvestleg. Den normale årsnedbøren er 2400 mm og opp til over 3000 mm på Mascarin Peak. Det regnar i snitt 320 dagar i året (kring 28 dagar kvar månad) og øyane er av dei mest skya stadane i verda med kring 1300 soltimar i året på austsida av Marion Island, men berre kring 800 timar utanfor kysten og den våte vestsida av øyane. Sommaren og vinteren har mykje likt klima med kald vind og fare for snø og frost til alle tider av året. Middeltemperaturen i februar (midtsomars) er 8,3 °C og i august (midtvinters) 3,9 °C.[5][6]

Plante- og dyreliv[endre | endre wikiteksten]

I dette kalde klimaet er plantelivet avgrensa til gras, mosar og lav, medan ein av dyreliv finn store bestandar av sjøfuglar, selar og pingvinar.[7] Farvatnet kring øyane vert ofte vitja av fleire artar kval, særleg spekkhoggarar, som lever på pingvinar og selar. Dyrelivet er særleg sårbart for innførte artar og eit særleg problem har vore kattar. I 1949 vart fem huskattar førte til Marion Island for at dei skulle ta seg av problem med mus på stasjonen. Kattane formeirte seg raskt og i 1977 var det kring 3400 kattar på øya som levde på petrellar i staden for mus, og trua med å utrydde fuglane på øya. Somme petrellartar vart faktisk utrydda og det vart sett i gang ein plan for å utrydde kattane. Nokre få kattar vart infisert med eit virus og dette reduserte kattebestanden til kring 600 i 1982.[8] Kattane som var att vart jakta på og skotne, og i 1991 vart berre åtte kattar fangar over ein periode på 12 månadar. Ein trur at kattane i dag er heilt borte frå øya.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Prince Edward, som øyane er kalla opp etter.

Øyane vart oppdaga den 4. mars 1663 av Barent Barentszoon Lam på det nederlandske skipet «Maerseveen» og vart kalla Dina (Prince Edward) og Maerseveen (Marion).[9][10] I januar 1772 vitja Marc-Joseph Marion du Fresne øyane[11] og brukte fem dagar i eit forsøk på å gå i land i den tru at han hadde funne Antarktis (som ein då ikkje hadde oppdaga enno). Han kalla øyane Terre de l'Espérance (Marion) og Ile de la Caverne (Pr. Edward).[10] I 1776 møtte ekspedisjonen hans, no leia av hans nestkommanderande , Jules Crozet, etter at du Fresne døydde, James Cook i Cape Town. Cook segla så mot øyane, men klarte heller ikkje å gå i land på grunn av dårleg vêr. Cook kalla[11][12] den minste øya opp etter prins Edward, den fjerde sonen til kong Georg III, og gav den største øya namn etter Marc-Joseph Marion du Fresne.

Første gong nokon gjekk i land på øyane var seint i 1803 då ei gruppe selfangarar leia av den amerikanske kapteinen Henry Fanning på «Catharine».[13] Desse selfangarane fann derimot spor etter tidlegare busetnader, truleg andre selfangarar. James Clark Ross vitja øyane i 1840 men klarte ikkje å gå i land. Øyane vart endeleg kartlagde av kaptein George Nares i 1873.

I 1908 tok britiske styresmakter eigarskap over øyane og gav William Newton rettar til å ta ut guanoførekomstar dei neste 21 åra. I 1908 oppretta stranda jegerar ein busetnad på nordkysten kalla Fairbairn Settlement. I 1926 gav britane eit selselskap løyve til å jakte på sel på øyane dei ti neste åra.

Seint i 1947 og tidleg i 1948 annekterte Sør-Afrika øyane etter ein avtale med britane og oppretta ein meteorologisk stasjon i Transvaal Cove på nordaustkysten av Marion Island. Forskingsstasjonen vart raskt utvida og i dag forskar ein på biologi på øyane, særleg fuglar (pingvinar, petrellar, albatrossar, måsar) og selar. I dag heiter forskingsstasjonen RSA Marion Station.[14]

Den 22. september 1979 skjedde Vela-hendinga. Ein av dei amerikanske Vela-satellittane som vart nytta til å overvake eit delvis forbod mot atomprøvesprengingar registrerte ei hending nær Prince Edwardøyane som hadde det karakteristiske dobbeltglimtet ein får ved små atomprøvesprengingar. Det har aldri vorte stadfesta kva dette var.

Rettsleg status[endre | endre wikiteksten]

Sør-Afrika gjorde krav på Marion Island og Prince Edward Island med ein styrke frå den sørafrikanske marinen frå HMSAS «Transvaal» kommandert av John Fairburn den 29. desember 1947 og 4. januar 1948.[13] 1. oktober 1948 vart annekteringen offisiell då generalguvernør Gideon Brand van Zyl signerte Prince Edwardøyane-lova i 1948. Med denne lova kom øyane inn under styret til Cape Town og sørafrikansk rett.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Cooper, John (June 2006). «Antarkter eiND øyar - Background Research Paper produced for the South Africa Environment Outlook report on behalf av Department of Environmental Affairs and Tourism». p. 6. http://soer.deat.gov.za/dm_documents/Antarctic_and_Islands-_Background_Paper_1DXK5.pdf. Henta 7. november 2012. 
  2. 1993 United Nations list of national parks and protected areas. World Conservation Monitoring Centre, International Union for Conservation of Nature and Natural Resources, Commission on Natural Parks and Protected Areas, United Nations Environment Programme. 1993. s. 173. ISBN 2-8317-0190-2. 
  3. Peakbagger - Van Zinderen Bakker Peak, Sør-Afrika
  4. «Marion Island». Global Volcanism Program. http://www.volcano.si.edu/world/volcano.cfm?vnum=0304-07-. Henta 7. november 2012. 
  5. General Survey of Climatology, V12 (2001), Elsevier
  6. GISS Climate data averages for 1978 to 2007, source - GHCN
  7. «Southern Indian Ocean Islands tundra». Terrestrial Ecoregions. World Wildlife Fund. http://worldwildlife.org/ecoregions/an1104. 
  8. K Berthier, M Langlais, P Auger, D Pontier (2000-10-22), Dynamics of a feline virus with two transmission modes within exponentially growing host populations, BioInfoBank Library, http://lib.bioinfo.pl/meid:158214/pmid 
  9. Rubin, Jeff (2008). Antarktis. Lonely Planet. s. 233. ISBN 978-1-74104-549-9. 
  10. 10,0 10,1 «Marion Island, South Indian Ocean». Btinternet.com. 2003-06-29. Arkivert frå originalen den 2012-07-29. http://archive.is/LELa. Henta 7. november 2012. 
  11. 11,0 11,1 Keller, Conrad (1901). «XXII - The Prince Edward Isles». Madagaskar, Mauritius and the other East-African Islands. S. Sonnenschein & Co.. ss. 224–225. 
  12. James Cook
  13. 13,0 13,1 «Marion Island - History». Sanap.ac.za. http://www.sanap.ac.za/sanap_marion/marion_history.html. Henta 7. november 2012. 
  14. «Google Maps». Maps.google.com. 1970-01-01. http://maps.google.com/?ie=UTF8&ll=-46.876024,37.858769&spn=0,003348,0,006518&t=h&z=18. Henta 7. november 2012. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]