Prince Gustav Channel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Prince Gustav Channel
sund
Land  Antarktis
Stad Graham Land
 - koordinatar 63°50′S 58°15′W / 63.833°S 58.250°W / -63.833; -58.250
Lengd 130 km
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Prince Gustav Channel
63°50′00″S 58°15′00″W / 63.8333°S 58.25°W / -63.8333; -58.25
Prince Gustav Channel is located in Antarktis
Prince Gustav Channel (Antarktis)

Prince Gustav Channel er eit sund mellom Den antarktiske halvøya i vest og James Ross Island i aust. Det er kring 130 km langt og frå 6 til 24 km breitt.

Det vart namngjeven i 1903 etter kronprins Gustav av Sverige (seinare kong Gustav V) av Otto Nordenskjöld under Den svenske antarktisekspedisjonen.

Den 27. februar 1995, rapporterte British Antarctic Survey (BAS) at ein isbrem som tidlegare blokkerte sundet hadde gått i oppløysing. Denne isbremmen hadde tidlegare dekt kring 700 km² før han løyste seg opp.[1]

I området som tidlegare var dekt av isbremmen var sundet mellom 600 og 800 meter djupt. Mellom februar og mars 2000 henta forskarar opp 5-6 meter lange sedimentkjernar frå havbotnen. Karbondatering av det organiske stoffet i sedimentlaga indikerte at dei hadde vorte lagt ned mellom 2 000 til 5 000 år sidan og at mykje av sundet til somme tider av året var isfritt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]