Prins Philip, hertug av Edinburgh

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Philip
Prince Philip NASA cropped.jpg
Hertug av Edinburgh
Fødenamn Philip Battenberg
Fullt namn Philip Mountbatten
Titlar Hertug av Edinburgh
Prins av Storbritannia
Jarl av Merioneth
Baron av Greenwich
Fødd 10. juni 1921, Kérkyra i Hellas
Ektefelle Elizabeth II av Storbritannia
Far Andreas av Hellas og Danmark
Mor Alice av Battenberg
Born Charles av Wales
Anne av Storbritannia
Andrew av York
Edward av Wessex

Philip (fødd 10. juni 1921) er ektemannen til dronning Elizabeth II av Storbritannia, hertug av Edinburgh, prins av Storbritannia og tidlegare prins av Hellas og Danmark.

Philip Mountbatten, tidlegare Glücksburg, var opphavleg gresk statsborgar, med titlane prins av Hellas og Danmark. Han gav avkall på desse titlane og statsborgerskapet for å gifta seg med den dåverande prinsesse Elizabeth.

I dag har Philip titlane hertug av Edinburgh, jarl av Merioneth og baron Greenwich. Han vart òg gjort til britisk prins og har tittelen Den Høgvørde Prinsen. I 1952 vart han tildelt storkrossen med kjede av St. Olavs Orden.

Slekt[endre | endre wikiteksten]

Philip er i dag det eldste gjenlevande tipp-tipp-oldebarnet til dronning Victoria av Storbritannia, så vel som den eldste gjenlevande etterkommaren hennar etter dødsfallet til grev Carl Johan Bernadotte av Wisborg 5. mai 2012. På grunn av avstamminga frå den britiske kongefamilien er prins Philip òg med i arverekkjefylgda til den britiske trona.

I juli 1993 stadfesta britiske forskarar, gjennom DNA-analysar av blodet til prins Philip, at dei kunne stadfeste identiteten til restane av fleire medlemmar i familien til keisarinne Alexandra av Russland, fleire tiår etter massakren av bolsjevikane i 1918. Prins Philip var då éin av to levande oldebarn frå den kvinnelege lina etter Alexandra sin mor prinsesse Alice av Storbritannia. Den andre var hans syster prinsesse Sophie av Hellas og Danmark som døydde i 2001.

Titlar, tiltaleformer, dekorasjonar og våpenskjold[endre | endre wikiteksten]

Titlar og tiltaleformer[endre | endre wikiteksten]

  • 10. juni 1921–18. mars 1947: Den Høgvørde Prinsen Philip av Hellas og Danmark
  • 18. mars 1947–19. november 1947: Løytnad Philip Mountbatten
  • 19. november 1947–20. november 1947: Den Høgvørde Sir Philip Mountbatten
  • 20. november 1947–22. februar 1957: Den Høgvørde Hertugen av Edinburgh
  • 22. februar 1957–i dag: Den Høgvørde Prins Philip, hertug av Edinburgh, jarl av Merioneth, baron Greenwich
    Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.