Prinsesse Diana av Wales

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Prinsesse Diana)
Prinsesse Diana av Wales

Prinsesse Diana i 1995.
Fødd1. juli 1961
FødestadSandringham
Død31. august 1997
DødsstadParis, La Salpêtrière
GravstadAlthorp
Gift medCharles III av Storbritannia (1981–1996)
DynastiFamilien Spencer, Fyrstehuset Windsor
FarJohn Spencer, 8. jarl Spencer
MorFrances Shand Kydd
BornPrins William, hertug av Cambridge, Prins Harry, hertug av Sussex

Prinsesse Diana av Wales (1. juli 196131. august 1997) var den første ektefellen til den britiske tronarvingen prins Charles av Wales. Dei fekk to søner, prinsane William og Harry, nummer to og tre i arverekkefølga til den britiske trona og 15 andre samveldeland.

Diana Spencer kom frå ein gammal engelsk adelsfamilie og blei verdskjend frå trulovinga si med prins Charles i 1981. Diana var ei særs folkekjær prinsesse og engasjerte seg i veldedig arbeid som Den internasjonale kampanjen mot landminer og barnesjukehuset Great Ormond Street Hospital. Ho fann likevel livet som kongeleg og gift med prins Charles vanskeleg, og ekteparet skilde seg i 1996. Då ho døydde i ei bilulukke året etter reagerte folk i Storbritannia med stor, offentleg sorg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Prinsesse Diana av Wales