Prinsesse Diana av Wales
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Prinsesse Diana av Wales (Diana Frances, født Spencer) (1. juli 1961–31. august 1997) var den første ektefellen til Charles, prins av Wales. Deira to søner, prinsane William og Harry, er nummer to og tri i arverekkefølga til den britiske trona og 15 andre samveldeland.
Diana vart i si tid skildra som eit ikon på verdsbasis, kjend for sin stil, karisma, humor og sitt intense arbeid for organisasjonar med veldedige føremål, sjølv om hennar filantropiske forsøk vart overskygga av det kompliserte ekteskapet med prins Charles.
Frå ho vart forlova med prinsen av Wales i 1981, fram til ho døydde etter ei bilulykke i 1997, var Diana ei av dei mest kjende kvinnene i verda – ein mykje omtala kjendis i sin generasjon. Ho vart ofte skildra som den mest fotograferte kvinna i verda når ho levd. Mange beundra prinsessa og såg på henne som ein rollemodell. Tida etter at ho døydde var det stor sorg i Storbritannia og for såvidt heile verda. Ein biograf har foreslått at Diana kanskje leid av borderline personlegdomsforstyrringar. [1] Diana innrømma sjølv at ho sleit med depresjon og spiseforstyrringa bulimi, som plaga henne i store delar av det vaksne livet hennar.
- Denne artikkelen bygger på «Prinsesse Diana av Wales» frå Wikipedia på bokmål, den 20. november 2008.