Priory Bay

Koordinatar: 50°42′33″N 1°06′04″W / 50.7092°N 1.1010°W / 50.7092; -1.1010
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Priory Bay mot nord.

Priory Bay er ei lita, privateigd bukt på nordaustkysten av Isle of Wight i England. Ho ligg aust for landsbyen Nettlestone. Ho vender austover mot Selsey Bill og kystlinja er om lag 600 meter lang. Ho strekkjer seg frå Horestone Point i nord til Nodes Point i sør.

Nordenden av bukta har ei rett kystlinje, er sandete med noko småstein. I sør svingar bukta mot aust. Her er kyten steinete med spor av veggar og avstivingar som vart bygd for å verne kystlinja. Desse har stort sett brote saman og ligg spreidd langs stranda.

Bukta er omgjeve av skogområdet Priory Woods eigd av National Trust.

Havbotn er hovudsakleg sandete. Ein grunn sandbanke, Gull Bank, ligg like utanfor bukta og fører til eit lite basseng på stranda ved fjøre sjø.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

50°42′33″N 1°06′04″W / 50.7092°N 1.1010°W / 50.7092; -1.1010