Priozersk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Priozersk
Приозерск
Byvåpenet til Priozersk
Byvåpenet til Priozersk


Plassering
Priozersk is located in Russland
Priozersk is located in Leningrad oblast
Styresmakter
Land Flag of Russia.svg Russland
Føderasjonssubjekt Leningrad oblast
Grunnlagd 1143
Geografi
Flatevidd
 - By

17 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)
   - folketettleik

17 918
  1 054 /km²
Koordinatar 61°02′″N 30°07′″EKoordinatar: 61°02′″N 30°07′″E
Høgd over havet 5 moh
Tidssone
- Ved sommartid
MSK (UTC+3)
MSD (UTC+4)
Diverse annan informasjon
Postnummer 188760-188761
Retningsnummer (tlf) +7 81379
Bilnummer 47
Nettstad: www.priozersk.ru

Priozersk (russisk Приозе́рск, finsk Käkisalmi, svensk Kexholm) er ein by i Leningrad oblast i Russland med om lag 18 000 innbyggjarar. Han ligg sørvestenden av innsjøen Ladoga, lengst nord på Det karelske neset, ved munningen av den nordlege greina elva Vuoksen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Korela festning er det viktigaste landemerket i Priozersk.

Det viktigaste landemerket til Priozersk, Korela festning, har historisk sett vore senteret for karelane på Det karelske neset og har frå tid til annan òg vore den nordvestre utposten i riket til russarane, eller den austlege utposten for svenskane.

Frå mellomalderen har Priozersk vore kjend som Korela for russarane og som Käkisalmi for karelar og finnar. Skattebøker frå Novgorod frå år 1500 lister 183 hus i Korela – med ein estimert folkesetnad på 1500-2000. Svenskane erobra Korela to gonger, i 1580 i sytten år og i 1611 i hundre år. I Sverige vart festninga kalla Kexholm og heile distriktet kjend som Kexholms län. Russland sikra seg området under den store nordiske krigen, men det svenske namnet på byen vart bevart, som Keksgolm (russisk: Кексгольм). Krigar og øydeleggande branner i 1300, 1580, 1634 og 1679 hadde gjort innhogg i den sivile folkesetnaden. Då byen fekk sin første rettsbygning i 1800 var det berre 400 innbyggjarar.

I 1812, då Storhertugdømet Finland vart danna innan Det russiske keisarriket, innlemma Aleksander I av Russland Kexholm i den autonome regionen. Kexholm var den minste byen i Viborgs län. Byen voks då jernbanen Sankt PetersburgHiitola vart bygd i 1917 og to store sagbruk og ein stor Ab Waldhof Oy tremassefabrikk i 1929 vart oppretta.

Etter den andre verdskrigen vart heile den karelske folkesetnaden, òg i Kexholm, evakuert til Finland. I 1948 vart byen omdøypt til Priozersk. Nye Priozersk vart folkesett med ein heilt ny folkesetnad (hovudsakleg russarar, kviterussarar og ukrainarar) frå Sovjetunionen, som framleis utgjer fleirtalet i byen. Dei øydelagde festningane og tårna på den gamle Korela-festninga ligg langs breidda av Vuoksen og er framleis synlege når ein reiser til byen frå St. Petersburg. Byen er populær som utfluktsstad hos folk frå St. Petersburg og mange av dei har ein datsja i nærleiken.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]