Prisar og nominasjonar mottekne av Justin Bieber

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Prisar og nominasjonar mottekne av Justin Bieber
Justin Bieber framførar «Favorite Girl» i Zürich i Sveits.
Justin Bieber framførar «Favorite Girl» i Hallenstadion i Zürich som ein del av My World Tour 8. april 2011.
Totalt
Vinnar 221
Nominasjonar 437

Justin Bieber er ein kanadisk songar, skodespelar og låtskrivar.[1][2] Bieber vart oppdaga i 2008 av den amerikanske manageren Scooter Braun som kom over ein video av Bieber på YouTube, og som seinare vart manageren hans.[3] Braun sendte Bieber for å møte songaren Usher Raymond i Atlanta i Georgia i USA. Bieber signerte fyrst ein kontrakt med Raymond Braun Media Group (RBMG) og seinare med Island Records.[4] Den fyrste EPen hans, My World, vart gjeven ut 17. november 2009.[5] Det gjorde at Bieber vart den fyrste artisten som hadde sju songer frå debutalbumet på Billboard Hot 100.[6] EPen fekk tildelt paltina av Recording Industry Association of America (RIAA).[7] Det fyrste heile studioalbumet hans, My World 2.0, vart gjeven ut 29. mars 2010.[8] Tre av singlane frå albumet nådde Billboard Hot 100: «Baby», «Somebody to Love» og «U Smile». Albumet fekk to gonger platina av RIAA.[9]

American Music Awards[endre | endre wikiteksten]

American Music Awards er ei prisutdeling som vart skipa av Dick Clark i 1973. Bieber har vunne sju av dei åtte prisane han har vore nominert til.[10]

År Nominert artist og verk Pris Resultat
2010 Seg sjølv Årets artist Vinnar
Mannlege favoritt pop/rock-artist Vinnar
T-Mobile Breakthrough Artist Vinnar
My World 2.0 Favoritt pop/rock-album Vinnar
2011 Seg sjølv Mannlege favoritt pop/rock-artist Nominert
2012 Seg sjølv Årets artist Vinnar
Mannlege favoritt pop/rock-artist Vinnar
Believe Favoritt pop/rock-album Vinnar

BET Awards[endre | endre wikiteksten]

BET Awards er ein prisutdeling for å anerkjenne afroamerikanarar og andre minoriteter innan musikk, skodespel, sport og anna. Bieber har vore nominert éin gong.[11]

År Nominert artist Pris Resultat
2010 Seg sjølv Beste nye artist Nominert

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Justin Bieber Biography & Awards» (på engelsk). Billboard. Henta 16. april 2013. 
  2. Collar, Matt; Leahey, Andrew. «Justin Bieber: Overview». All music. Macrovision Corporation. Henta 21. oktober 2009. 
  3. Konjicanin, Anja (24. desember 2010). «Justin Bieber makes them proud. But why?» (på engelsk). Vancouver Observer. Henta 16. april 2013. 
  4. Herrera, Monica (19. mars 2010). «Justin Bieber – The Billboard Cover Story» (på engelsk). Billboard. Henta 16. april 2013. 
  5. «Justin Bieber – My World (Bonus Track Version)». iTunes. Apple Inc. Henta 16. mai 2010. 
  6. «Justin Bieber Fever Hits Miami». CBS Interactive. 5. februar 2010. Henta 27. mars 2010. 
  7. «Justin Bieber RIAA album certifications». RIAA. Henta 5. september 2011. 
  8. «My World Part 2: Justin Bieber: Amazonka.pl: Musik». Amazonka.pl. Henta 14. februar 2010. 
  9. «Justin Bieber RIAA album certifications». RIAA. Henta 5. september 2011. 
  10. «Winners Announced for the 2010 'American Music Awards». PR Newswire. 21. november 2010. Henta 21. august 2011. 
  11. «Justin Bieber Explains Why He Chose Tour Over BET Awards». MTV Networks. 28. juni 2010. Henta 29. august 2011.