Privatarkiv

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Privatarkiv vert definert som eit arkiv produsert av andre enn offentlege instansar. Sjølve omgrepet omfattar ei stor gruppe arkiv av nokså ulik art, både når det gjeld opphav, omfang og struktur. Til vanleg omfattar omgrepet arkiv etter bedrifter, organisasjonar, foreiningar og private institusjonar, men det finst og arkiv etter personar, familiar og gardar. I tillegg kjem samlingar. Medan aktørar i offentleg sektor er pålagde å bevara arkiva sine etter arkivlova, er arkiv skapte av private aktørar til vanleg ikkje omfatta av denne lova. Dette har medført at arkiv etter mange viktige samfunnsaktørar har gått tapt.

Ulike typar privatarkiv[endre | endre wikiteksten]

Organisasjonsarkiv[endre | endre wikiteksten]

Organisasjonsarkiv kan vera arkiv etter organisasjonar, foreiningar og lag, politiske parti, etc. Organisasjonane kan vera nasjonale, regionale, eller lokale. I mange tilfelle har den sentrale organisasjonen lokale organisasjonsledd som er underlagd dei sentrale. Lokale og regionale ledd med eige styre, årsmøte og økonomi er til vanleg å oppfatta som sjølvstendige arkivskaparar.

Institusjonsarkiv[endre | endre wikiteksten]

Ein institusjon kan vera offentleg eller privat. Private institusjonar har ofte ein samfunnsmessig eller offentleg karakter, og dei kan ha ansvar for å utføra oppgåver som til vanleg tatt hand om av det offentlege. Private skular, barnehagar, og aldersheimar er eksempel på institusjonar som dannar privatarkiv.

Bedriftsarkiv[endre | endre wikiteksten]

Bedriftsarkiv vert brukt som ei samlenemning for arkiv etter ulike typar næringsverksemd, det vil seie arbeidsplassar som har til formål å produsere ei eller anna form for vare eller teneste. Det kan vera alt frå tungindustri, småvarer, eller tenester. Aktørar med bevart historisk arkiv kan spenna frå store handels- eller produksjonsbedrifter, til for eksempel arkitektarkiv og småbedrifter.

Arkiva varierer mykje i innhald og storleik. Dei kan bestå av alt frå ein enkelt kundeprotokoll, til arkiv med fleire hundre hyllemeter korrespondanse, rekneskap og materiale som er særskilte for den enkelte bedrift si verksemd.

Arkiv etter statsføretak og andre statlege eller kommunalt eigde selskap som ikkje er forvaltningsbedrifter, verk rekna som bedriftsarkiv. Eit gardsarkiv som er meir enn lausrivne enkeltdokument, kan også bli rekna som eit bedriftsarkiv.

Arkiva er som regel registrerte under arkivskaperen sitt namn. I periodar med store strukturendringar i næringslivet, blir bedrifter kjøpte, selde eller fusjonerte, og det kan vera lett å miste det enkelte bedriftsarkiv av syne. Stort sett er regelen at ei bedrift med eige styre og eige rekneskap dannar sitt eige arkiv, sjølv om ho er eit dotterselskap av ei anna bedrift. Namnet på ei bedrift kan og ha endra seg gjennom tidene, og det er ein fordel å kjenna til alternative historiske namn ved søk i arkiva.

Informasjon om den enkelte bedrift kan finnast både i bedrifta sitt eige arkiv og i andre kjelder. For eksempel hos bedrifta sine kundar og leverandørar, bransjeorganisasjonar, fagorganisasjonar eller bransjeorganisasjonar der bedrifta har hatt medlemskap, samt i ei rekkje offentlege arkiv som for eksempel Fabrikktilsyn og Firmaregister. Ein kan og finne opplysingar i Handelsregistre ved Statsarkiva og i Brønnøysundregisteret etter 1944.

Ordningsgraden for bedriftsarkiva kan variere. I mange tilfelle har bedriftenes arkiv hatt god ordning og oppbevaring. Dersom arkivet er komplett, vil det kunne innehalda protokollar frå generalforsamlingar og styre, i tillegg til møtebøker, kopibøker, postjournalar og korrespondanse. Ein vil også kunne finne materiale omkring bedriftas produksjonsprosessar, rekneskap, reklamemateriale, og vareprøver. I mange tilfelle vil ein også finne teikningar, foto og interne meldingsblad.

I andre tilfelle er arkiva prega både av dårlege oppbevaringsforhold og manglande ordning. I fleire tilfelle har arkiv etter aktørar om har mykje å seie for samfunnet, kome til arkivinstitusjonen gjennom regulære redningsoperasjonar. I desse tilfella kan arkivet jå nokså kaotisk ut, og er vanskeleg å finna fram i. Slike arkiv er svært ressurskrevjande, og det kan ofte vere vanskeleg å finna midlar til å rydde opp i desse arkiva og gjere dei meir tilgjengelege.

Personarkiv[endre | endre wikiteksten]

Med personarkiv, meiner vi arkiv etter enkeltpersonar eller familiar. Dei fleste stammar frå personar eller familiar med ei viss posisjon i samfunnet. Det kan vera personar med offentlege eller private verv, som har arkiv som ofte kan vera til dels omfattande, med korrespondanse, sakarkiv og andre særskilte typar arkivmateriale. Det finst og bevart arkiv etter meir alminnelige menneske. Arkiv etter desse er som oftast av mindre omfang, og er ikkje skapt gjennom ei bevisst og systematisk arkivdanningsprosess. Dei kan omfatta vidt forskjellige typar materiale, knytt til arkivskapars interesse eller arbeidsfelt, men og personlege dokument som private brev, brevveksling mellom fleire personar, dagbøker, foto, rekneskap etc.

Utvalsarkiv[endre | endre wikiteksten]

Eit utval kan vera offentleg eller privat. Eit utval som har sin eigen sekretariatsfunksjon, kan seiast å vera ein sjølvstendig arkivskapar.

Gråsonearkiv[endre | endre wikiteksten]

Enkelte verksemder er i grenselandet mellom det private og det offentlege. Det kan enkelte gonger vera vanskeleg å definera om arkivet kjem under offentleg lovgjeving med avleveringsplikt, eller ikkje. Grensene kan og vera uklare for arkivskaparen sjølv. Ofte kan materialet vera av blanda karakter, for eksempel i arkiv etter personar som har hatt offentlege verv.

Gråsonearkiv kan og vera verksemder som har gått over frå å vera offentlege til private, eller omvendt. Kanskje fleire gonger. Skal ein behalde slike arkiv samla i ettertid, må ein ta ei avgjerd om ein vil behandla dei som offentlege eller private, og institusjonane sjølv må få avklart om dei skal påleggjast å følgje arkivlova eller ikkje.

Samlingar[endre | endre wikiteksten]

Omgrepet samling kan skildra ein type arkiv som ikkje har oppstått gjennom nokon eigentleg arkivdanningsprosess. Ei samling kan vera resultat av ein arkivskapar si interesse for eit spesielt tema, og kan då bestå av dokument (fotografi, kart, teikningar og anna) som enten er kopiert eller fjerna frå dei arkiva som dei opphavleg har høyrt til. Eit slekts- eller familiearkiv består som regel av materiale etter mange arkivskaparar som er haldne samla gjennom fleire generasjonar, og kan derfor verta rekna som ei samling.

Arkivinstitusjonane si rolle[endre | endre wikiteksten]

Eit arkiv er ei viktig primærkjelde til et samfunn si historie, og kjeldene frå privatarkiva er avgjerande for å få et breitt og representativt kjeldemateriale til framstillinga av denne historia.

Ei rekke institusjonar arbeider for å sikre og bevare privatarkiv, for eksempel arkivinstitusjonar, museum og bibliotek. I tillegg til å oppbevare arkiv frå verksemder som er avvikla, kan institusjonen bevare historiske arkiv etter høgst levande verksemder.

Arkivinstitusjonane si rolle og oppgåver har primært vore knytt til dei offentlege arkiva frå stat, fylkeskommune og kommune. Men ifølgje arkivlova har desse og ei plikt overfor privatarkiv med verdi for landet si historie og nasjonale sjølvforståing. Riksarkivaren har utarbeidd retningsliner for dette arbeidet.

Arkiv etter private aktørar kan vera omfatta av ulike avgrensingar og klausuler når det gjeld innsyn. Ein kan finna materiale omfatta av både personvernlova, åndsverklova, i tillegg til eigne klausular knytt til bedriftsløyndomar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]