Privatskule

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Privatskular eller friskular er skular i Noreg som driv etter den såkalla privatskulelova.

Privatskular heitte ei tid friskular sidan dei normalt er privateigde. Friskuleordninga av 2003 vart innført etter endringar i friskulelova, primært § 2-1, der det går fram at kravet til formål i privatskulelova § 3 er fjerna. Bondevik 2-regjeringa, beståande av Høgre, Kristeleg folkeparti og Venstre, innførte ordninga med støtte frå Fremskrittspartiet. Hausten 2005 vart det etablert ca. 15 000 vidaregåande skuleplassar ved private skular i Noreg.

Privatskulane driv med støtte frå det offentlege. Tilskotet svarar til 85 % av tilskotsgrunnlaget, som er rekna ut frå kostnadene per elev i den offentlege skulen.

Den nye regjeringa frå Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet har gjennomført endringar i lova. 29. juni 2007 vart lova stramma inn og endra namn. Det er blitt svært vanskeleg å starte privatskular. I utgangspunktet er det berre tillate med religiøse eller pedagogiske alternativ. Lova skifta òg namn frå friskulelova til privatskulelova.

Døme på privatskular[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]