Procol Harum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Procol Harum
Procol Harum.jpg
Procol Harum i 2001
Sjanger Barokk rock, kunstrock, psykedelisk rock, progressiv rock, symfonisk rock, bluesrock
Aktive år 1967–1977, 1991 til i dag
Plateselskap Regal Zonophone, Reprise (US), A&M, Chrysalis, Deram
Nettstad www.ProcolHarum.com

Procol Harum er eit britisk rockeband, starta i 1967, som medverka til utviklinga av progressiv og symfonisk rock. Den mest kjende innspelinga til bandet er singelen «A Whiter Shade of Pale».[1] Sjølv om dei var kjende for å nytte element av barokk og klassisk musikk, har Procol Harum òg nytta blues, R&B og soul.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Opphav[endre | endre wikiteksten]

The Paramounts, som heldt til i Southend-on-Sea i Essex, var leia av Gary Brooker og Robin Trower og hadde med Chris Copping og B.J. Wilson. Dei fekk ein mindre hitt i Storbritannia i 1964 med ein versjon av Jerry Leiber og Mike Stoller-songen «Poison Ivy», som nådde 35. plassen. Dei klarte ikkje å kome med ein oppfølgjar og bandet vart oppløyst i 1966.[2]

Namnet[endre | endre wikiteksten]

I april 1967 byrja Brooker å arbeide som songar og låtskrivar og danna Procol Harum med Keith Reid (diktar), hammondorganist Matthew Fisher, gitarist Ray Royer og bassist David Knights.[2] Guy Stevens, som var den første manageren deira, gav namn til bandet etter katten til ein ven[3]. </ref>.

Namnet på bandet vert ofte feilstava som Procul, Harem, begge eller andre variasjonar. The Paramounts hadde kontrakt med EMI UK for utgjevingane sine, og fram til ein dag før Procol Harum vart knytt til EMI UK igjen, heitte dei The Pinewoods. Bandet hadde òg eit tilbod frå Chris Blackwell sitt Island Records som dei avslo.

Tidlege år[endre | endre wikiteksten]

Ved Olympic Studios med studiotrommeslagar Bill Eyden, produsent Denny Cordell og lydteknikar Keith Grant, spelte gruppa inn «A Whiter Shade of Pale» som kom ut 12. mai 1967. Med ein struktur som minna om barokkmusikk, ein motmelodi basert på J.S. Bach sin Orkestersuite nr. 3 i D-dur (òg kjend som «Air») av Fisher på hammondorgeleg sitt, den sjelfulle vokalen til Brooke og den mystiske teksten til Reid, gjekk «A Whiter Shade of Pale» heilt til topps i Storbritannia og Canada. I USA nådde singelen femteplassen.[2] I Australia låg singelen på topp i mange veker og sette ein rekord med åtte veker i Melbourne. Singelen nådde tredjeplassen i Noreg og låg inne på lista i 11 veker.

Etter at «A Whiter Shade of Pale» vart ein hitt, la bandet ut på turne og spelte den første konserten sin som oppvarmar for Jimi Hendrix i 1967.

Oppfølgjarsingelen til bandet, «Homburg», hadde med dei tidlegare Paramounts-medlemmane B.J. Wilson på trommer og Robin Trower på gitar. Denne singelen nådde sjetteplassen i Storbritannia, 15. plass i Canada, men gjekk ikkje inn på lista i USA. Albumet Procol Harum vart spelt inn mellom dei to hitsinglane, men vart halde attende til tidleg i 1968. Ei rekkje singlar gjekk berre akkurat inn på listene i USA og Storbritannia, men sjeldan samstundes. A Salty Dog (1969) var populært hos tilhengjarane, og var det første albumet som selde bra i Storbritannia. Tittelsporet vart ein del spelt på FM-radio i USA. Fisher, som produserte albumet, forlet bandet kort tid etter det kom ut.[2]

Gruppa kom til å gjere mange endringar i besetninga si,[4] men besetninga for dei første tre albuma var Brooker (piano og solovokal), Trower (gitar og solovokal), Fisher (orgel og solovokal), Knights (bass), Wilson (trommer) og Reid (tekstforfattar). Tidlegare Paramount-medlem Chris Copping kom inn på orgel og bass i 1970. [2] Gruppa spelte på Isle of Wight Festival 1970.[5]

I 1971 hadde skilnadane i stilen vorte for store og etter det femte albumet deira, Broken Barricades, forlet Trower bandet og danna sin eigen powertrio og vart erstatta av Dave Ball.[2] Frå seint 1972 til 1977 var gitaristen i gruppa Mick Grabham.

Procol Harum fekk suksess på salslistene dei neste åra med ein symfonisk rockestil, ofte akkompagnert av symfoniorkester. Med denne formelen var dei eit av dei første banda som fekk suksess og Procol Harum Live In Concert with the Edmonton Symphony Orchestra nådde femteplassen på albumlista i USA i 1972 og selde til gullplate. I Storbritannia nådde albumet 48. plass. Singelen «Conquistador» (ein song frå det første albumet deira, vart gjeven ut på ny med Edmonton Symphony i 1971) og vart ein hitsingel 1972 og nådde 16. plass i USA, 7. plass i Canada og 22. plass i Storbritannia. Det neste albumet deira, Grand Hotel, gjorde det forholdsvis bra, og nådde 21. plass i USA i 1973.[2]

Midten av 1970-åra[endre | endre wikiteksten]

I 1975 spelte Procol Harum den siste kvelden ved Rainbow Theatre i London.[6] Fleire endringar i besetninga til bandet medverka til dalande salstal seinare i 1970-åra og «Pandora's Box» vart den siste singelen deira på Topp 20-lista i Storbritannia i 1975.[2] Singelen kom frå albumet Procol's Ninth der dei slo seg saman med Jerry Leiber og Mike Stoller som både produserte og skreiv songar for bandet. Bandet gav seg til slutt i 1977, etter at Something Magic stoppa på 147. plass på den amerikanske albumlista.[6] Dei kom saman att fem månader seinare for ei enkel framføring, då «A Whiter Shade of Pale», i lag med Queen sin «Bohemian Rhapsody») vart kåra til den beste britiske popsingelen 1952-1977 ved BRIT Awards, ein del av sølvjubileet til dronning Elizabeth II.

Gjenforeining i 1990-åra[endre | endre wikiteksten]

Bandet kom saman att i 1991 med Brooker, Fisher, Trower og Reid (Wilson hadde døydd i 1990), og gav ut The Prodigal Stranger, men albumet selde heller dårleg.[6] Etter albumet kom ut, la ein ny inkarnasjon av bandet, med Brooker og Fisher, men utan Trower, ut på turné i USA og resten av verda dei neste åra.[2]

I august 1995 spelte Procol Harum på Cropredy Music Festival, som gjester hos Fairport Convention.

I juli 1997 arrangerte tilhengjarane ei feiring av 30-årsjubileet for utgjevinga av «A Whiter Shade of Pale», og inviterte det då aktive bandet til å spele ein konsert i Redhill. I samband med konserten var tilhengjarsida 'Beyond the Pale' starta i oktober 1997. Nettsida førte tilhengjarar frå heile verda saman, og starta ein ny interesse for bandet. Dette førte til The Palers' Project, der tilhengjarane kom saman og spelte inn fire doble album med Procol Harum-songar i uvanlege arrangement, noko som igjen finansierte nettsida. Det siste av desse albuma kom ut i 2008.

2000 til i dag[endre | endre wikiteksten]

I september 2000 spelte bandet ein friluftskonsert med New London Sinfonia i Guildford. Sidan 2001 har bandet, som då bestod av Brooker, Fisher, Geoff Whitehorn (gitar), Matt Pegg (bass) og Mark Brzezicki (trommer), turnert det meste av Europa, Japan og USA. Ein konsert frå København i 2001 vart gjeven ut på DVD i 2002. I 2003 gav bandet ut albumet The Well's on Fire og deltok på Progman Cometh-festivalen i Seattle. Ein konsert frå desember 2003 i London, vart gjeven ut på DVD i 2004: Live at the Union Chapel. Fisher forlet Procol Harum i 2004.

Josh Phillips erstatta Fisher på hammondorgel og bandet heldt fram turneringa i 2005 med Brooker som det einaste originale medlemmet att i bandet. I juni 2006 spelte dei på Isle of Wight Festival. I august 2006 spelte Procol Harum to utandørskonsertar med Det danske radioorkesteret ved Ledreborg slott i Danmark, og dette vart sendt på fjernsyn.

Seinare i 2006 spelte dei i Sveits, Noreg og Danmark, men med Geoff Dunn for Brzezicki på trommer.[7] I 2007 spelte bandet i Italia og eit opptak vart gjeven ut som One Eye to the Future – Live in Italy 2007.

20. og 21. juli 2007 arrangerte tilhengjarane av bandet ei ny feiring av «A Whiter Shade of Pale», sidan det var 40 år sidan songen kom ut, og inviterte bandet til å spele. Dette fann stad i London. Etter ein pause i 2008, heldt bandet fram turneringa, ofte med lokale orkester, i 2009. I 2010 spelte dei i USA og Canada, hovudsakleg som oppvarmingsband for Jethro Tull, og i Europa. Turneringa heldt fram i 2011 og 2012.

Påverknad på populærkutluren[endre | endre wikiteksten]

Det uvanlege namnet til bandet har inspirert til fleire referansar i moderne populærkultur. Asteroiden 14024 Procol Harum er kalla opp etter bandet. Orkideen Procol Harum, ein hybrid av Cymbidium Mighty Sensation med Cymbidium Electric Ladyland, er òg kalla opp etter bandet.[8]

Ei rose er kalla opp etter «A Whiter Shade Of Pale».[9]

Den andre boka i Douglas Adams sin Hitchhiker-trilogi, The Restaurant at the End of the Universe, var inspirert av songen «Grand Hotel» frå albumet med same namn.[10][11]

Medlemmar[endre | endre wikiteksten]

Noverande medlemmar
Tidlegare medlemmar

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Studioalbum

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Show 49 - The British are Coming! The British are Coming!: With an emphasis on Donovan, the Bee Gees and the Who. [Part 6] : UNT Digital Library». Digital.library.unt.edu. 2011-06-16. http://digital.library.unt.edu/ark:/67531/metadc19826/m1/. Henta 12. mai 2012. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 2,6 2,7 2,8 2,9 Strong, Martin C. (2000). The Great Rock Diskografi (5th ed.). Edinburgh: Mojo Books. ss. 776–777. ISBN 1-84195-017-3. 
  3. Johansen, "Procol Harum — Beyond the Pale". p50
  4. «Procolharum.com». Procolharum.com. http://www.procolharum.com/99/ph_pedigree1b.htm. Henta 12. mai 2012. 
  5. Tobler, John (1992). NME Rock 'N' Roll Years (1st ed.). London: Reed International Books Ltd. s. 215. CN 5585. 
  6. 6,0 6,1 6,2 Roberts, David (1998). Guinness Rockopedia (1st ed.). London: Guinness Publishing Ltd.. ss. 337–338. ISBN 0-85112-072-5. 
  7. «Procolharum.com». Procolharum.com. 1961-02-26. http://www.procolharum.com/procolgd.htm. Henta 12. mai 2012. 
  8. «Procol Harum, the Orchid». http://www.procolharum.com/99/pending_bev_procol-orchid.htm. Henta 12. mai 2012. 
  9. «Roselocator.com». Roselocator.com. http://www.roselocator.com/rose_locator/roses/hybrid_tea_spiral_bud_form/1108_a_whiter_shade_of_pale.php. Henta 12. mai 2012. 
  10. Adams, Douglas (8 februar 1996). «Text of one of Douglas Adams's introductions of Procol Harum in concert». http://www.procolharum.com/dadams.htm. Henta 12. mai 2012. 
  11. Adams, Douglas. The Salmon of Doubt. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]