Produksjonssystem

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Eit produksjonssystem (eller produksjonsregelsystem) er eit kunstig intelligens-basert dataprogram som hovudsakleg er sett saman av ei mengd med åtferdsreglar. Desse reglane vert kalla produksjonar og er ein enkel representasjon som gjerne vert nytta i automatisk planlegging, handlingsval og spesielt i ekspertsystem.

Produksjonar har to delar: ein sansemessig føresetnad (eller «VISS»-utsegn) og ei handling (eller «SÅ»-utsegn). Viss produksjonen sin føresetnad passar saman med verdstilstanden vert produksjonen utløyst (triggered). Når ein regel vert utført, seier ein at han er avfyrt.

Eit produksjonssystem gir dei naudsyne mekanismane for å utføre slike produksjonsreglar for å nå eit mål: ein database, ofte kalla arbeidsminne, som handsamar informasjon om noverande tilstand, og ein regeltolkar som ved hjelp av mønstergjenkjenning kan finne ut kva for reglar sine føresetnader som passar noverande tilstand, og kan prioritere reglar ved konfliktar (når meir enn ein regel passar tilstanden).

Sjå óg[endre | endre wikiteksten]

RETE-algoritmen, ein mønstergjenkjenningsalgoritme nytta i regeltolkarar

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Ofte spurte spørsmål om regelmotorar frå regelmotor.no

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.