Professor

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!
Ein professor er ein ekspert i sitt fagfelt.

Professor (av latin profiteri, «offentleg framføre», ein som hevdar offentleg å vere ekspert) er den høgste tittel for ein person som forskar og underviser ved eit universitet eller ved andre høgskular og vitskapelege institusjonar.

Professorar i Noreg[endre | endre wikiteksten]

I det norske akademiske hierarkiet rangerer professorar over førsteamanuensar. For å bli professor krevst det som oftast doktorgrad og omfattande vitskapeleg publisering. Det er no svært sjeldan at ein person utan doktorgrad blir tilsett som professor.

Inntil 1985 var det som hovudregel berre ein professor ved kvart institutt ved universiteta, og vedkommande hadde difor ein meir framståande posisjon. Andre vitskapsmenn med tilsvarande kompetanse vart utnemnt til dosentar. Ved ei reform i 1985 vart alle dosentstillingar ved dei norske universiteta og vitskapelege høgskulane omgjort til professorat. Tittelen dosent vart i ein periode berre nytta ved dei statlege høgskulane, som i høgskuledosent. Frå 2006 er tittelen gjenopptatt som ein tittel tilsvarande professor, men med inngangsløp frå førstelektor og ei noko breiare kvalifiseringsplattform enn professor.

Professor II[endre | endre wikiteksten]

Stillinga som professor II er ein vitskapeleg bi-stilling (andrestilling), og rekna til å utgjere 20 % stilling. Slike stillingar vert ofte brukt når universitet og høgskular vil knyte til seg spesialkompetanse frå personar som har hovudsysselsetjinga si på anna hald. Ein professor i andrestilling kan ha hovudsysselsetjing som professor, forskar e.l. ved eit anna universitet eller institutt, som museumskonservator, praktisere som advokat, utøvande kunstnar m.v. Ordninga er framfor alt brukt innan medisin. Dei fleste medisinprofessorar er professor II, og praktiserande lege som har sin hovudsysselsetjing som overlege e.l. ved universitetssjukehus.

Professor emeritus[endre | endre wikiteksten]

Professor emeritus er eit omgrep nytta på ein pensjonert professor. Det latinske leddet emeritus, som tyder uttjent, vert også brukt i andre samanstillingar, mest vanleg som biskop emeritus. I nokre land, som for eksempel i Sverige, er emeritus ein tittel som vert tildelt etter forteneste. I Noreg er bruken av emeritus-tittelen fri.

I latin er forma emeritus ei hankjønn eintalsform. Ein pensjonert kvinneleg professor har etter korrekt latinsk grammatikk tittelen professor emerita. Fleire personar (uavhengig av kjønn) med denne tittelen kan kallast professores emeriti. Det er vanleg å forkorte emeritus/emerita som em., altså professor em.